Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Fullmånesamling

Festligheter Posted on Sun, March 20, 2011 11:29

—så var det samling igjen….

Fullmånen idag er sjeldan.

Forskning.no: Ved fullmåne 19. mars 2011 kommer månen nær jorda (i perigeum). Avstanden blir bare 356 577 kilometer som er nær den aller minste avstand som kan forekomme de nærmeste årene.

Til sammenlikning er avstanden 406 582 km når månen er lengst vekk (i apogeum) 13 dager tidligere, den 6. mars.

Dette fører til at tidevannskraften fra månen blir hele 48 prosent større den 19. mars enn den 6. mars.

Prediktert flo og fjære

Den store tidevannskraften vil føre til stor springflo med større forskjell på flo og fjære (høyvann og lavvann) enn vanlig. På norskekysten fra Stavanger og nordover kommer største springflo vanligvis 1-2 døgn etter fullmåne.

Så det så!

Då klokka runda 22.30 tok det til å samlast sjøbadarar i Godalen.

Skya, men også fullmåne!

Månen spegla seg flott i skyer og sjøvatn, så me gjorde oss klare..

Klargjering er viktig!

I vatnet med oss, og fleire heiv seg med. 2,7 grader i sjøen denne kvelden, og 4 på land.

Godt då å bevega på seg..

.. i tigerdansen!

Kjekk samling med kjekke folk!

Då var det berre å samla saman og rusla heim etter fullmånebad i Godalen.

Med selskap av ein sjeldan nær måne.

“Time-out”

God natt!

🙂 Svein Egil



Vårreint!

Lørdagsbad Posted on Sun, March 20, 2011 11:01

Jess!

Endeleg vår!

.. tenkte Niels, og spredte det glade budskap!

Er det slutt på vinterbadinga alt nå?

Det kjennes slik ut!

Den glade gjeng som samla seg ved miljøstasjonen var tydeleg prega av godværet og

gleden av å tenka på at nå skulle det ryddast i Godalen og i naustet!

Eg samla med det som var av river, kostar og spade og tok dette med til stranda.

Sola varma faktisk, så det var godt å finna seg benkeplass i sola.

Gjengen gjekk rett til oppgåva. Rydda ut frå naustet og ta eit tak i stranda.

Det var mye av alt.

Men jaggu fekk me rydda vekk!

Også inne…

blei det ryddigt. Litt gjenstår, men grovarbeidet er gjort!

Badet kom idag som ei belønning for arbeidsøkta!

3 grader i sjøen og heiler 12 i sola!

Niels revurderte sine mentale målingar og klargjorde at det framleis var ei stund til vårlege sjøtemperaturar..

Ei vending mot vår og sommar, heiilt klart, sjølv om det låg snø på markene

dagen før.

Og NIS holdt ord, Kl.1300 kom lastebilen og henta rapen.

Tomt!

Då er me klare for resten av dagen!

Ha ein fin fullmånedag!

PS! Nokre bilder som eg tok med mobilen tidlegare på dagen..

🙂 Svein Egil…