Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Bad i skumringa

Onsdagsbad Posted on Thu, February 10, 2011 16:15

Onsdag igjen!

Kaldegrader i lufta og is på bilrutå….

Ka bler dette?

Jorunn for nerøve veien mot Godalsstranda på friske badebein, med cloggs..

Ho bråstoppa då eg nevnte at det var svinglatt, sjølv for dei med stor motivasjon!

Ho meinte at eg var redd for at lykta ho holdt ville gå i knas om ho deisa i bakken, og det er jo sant!

Men mørkt var det!

Me skimta så vidt Sten og Ina ved bua, og då me var komne ned høyrde me alle at

Gry var på veg, men det viste seg å vera Astrid på mobil.

Kjølige grader meldt til Lokalen:

2,8 i sjøen og minus 1 på land. Nydelig rød horisont og varm kaffi på termos.

Lampa i gang og sjekk kor fort det lysnar…

5 badarar ein onsdagsmorgon er godt lag, så ein god start på dagen for oss alle.

Ingen nøkkel på plass endå, men noko er på gang………

Ha ein fin dag!

🙂 Svein Egil



Jelsabad

Ekskursjoner Posted on Thu, February 10, 2011 15:20

Hei sjøbadarar!

Årets ekskursjon gjekk til Jelsa i Ryfylke.

13 badehungrige stillte i kø på Fiskepiren lørdag 5.februar og
var klare for tur inn fjorden.

Mottakskomiteen, Jorunn og Svein Egil, var for så vidt klare til mottaket, men såg ikkje båten som kom (min feil), så det var litt spreiing i gjengen då me dukka opp.

Men med alle på plass, både i Klungtveit-huset og på Klunghaug, var vegen kort ned til Noresjøen og bad.

Øystein Haga var tilstede for Suldalsposten og tok billeder.

Eit forfriskande bad ( 2,3 i sjøen og 1,9 på land) i delvis sludd, som etter kvart endra seg til opphaldsver.

Heim til Klunghaug og italiensk kyllingssuppe.

Det smakte fortreffeleg, med godt brød (takk Carolyn) og romslige gryter.

Etter kvart som magane vart metta, gjorde me oss klare til ei lita Jelsavandring.
Avtale med Øystein om omvisning i Jelsakyrkja.

Jelsakyrkja er ei gammal kyrkje, med særmerkt stil og historie.
Spennande å høyra historiar frå den tida då prestane hadde stor makt og makta vart brukt. Marcus prest hadde satt sine spor og sette det i fleire av oss med.

Etter omvisninga gjekk me gjennom gamle Jelsa sentrum (Bjergsted og skulemuseet) og opp til verkstaden til Øystein.

Her vart det omvisning og demonstrasjonar, og ikkje minst spel på occarin (eit gamalt leirblåseinstrument frå Sør-Amerika). Spennande.

Så heim til Klunghaug og Klunghaugsteinen med offergroper. Derifrå vidare opp Steingjerde (gammalt område der ein feira 17.mai) og ned til Utgrunn (landingsplass med omkledningshus for dei som kom roande og skulle til kyrkje). Vegen heim i blå-timen.

Raskt igang med førebuingar til kveldstapas og fest.
Kjempegodt fellesbord med ulike rettar og god drikke.

Helge Dagfinn stemde gitaren og hadde førebudd seg godt med mange tekstkopier. Stemningsfulle tonar frå Sørlandet satte gjengen i godt humør.

Etter ei rolig natt var det klart for nytt bad kl. 10. søndag morgon

Ikkej fullt så kaldt idag, 2,8 grader i sjøen.

Heim til ein betre frukost, med bacon og speilegg og masse godt tilbehør, slik det sømer seg ein sjøbadar. Alle bidrog til rydding og oppvask og me var klare for ein tur til skulen og nybyggarfeltet.

Så var det avreise og heimtur som stod i rest.

Takk til alle for ein kjempefin tur til perlå i Ryfylke- Jelsa..

I ettertid har Carolyn sjekka litt på biblioteket og melder:

Hei Svein Egil og Jorunn,

Takk for en fantastisk og opplevelsesrik helg på Jelsa! Minne for livet!!

Her er det Øystein Haga har skrevet:

Ocarin : spillebok / [Øystein] Haga. – Jelsa : Øystein Haga , [2009] – 7 s. : ill.

Jelsakyrkja og soga om Marcus og Sofie / tekst og teikning: Øystein Haga ; foto: Håkon Lislebø. – [Jelsa] : [Øystein Haga] , 2006 – 63 s. : ill.

Songar frå Jelsa [musikktrykk] / Øystein Haga og Ruth Anne Moen (red) ; utgjeve av Jelsa skule i samarbeid med Folkemusikkarkivet for Rogaland. – [Jelsa] : Jelsa skule i samarbeid med Folkemusikkarivet for Rogaland , 1992 – 48 s. : ill.

Web/Youtube:

Øystein på Youtube

Øystein på nett

Og dette er boka han snakket om:
Or soga um Jelsa-prestarne . – Stvg. : Stavanger aftenblad , 1925 – 255 s.

Legge link på bloggen?

Carolyn

Som sagt så gjort!

Gry sendte innslaget som Haga hadde sendt til Suldalsposten.

Førstesidestoff!

Ellers har eg lagt alle bildene frå turen ut på lenka som er øverst til høgre
“Billedgalleri”.

🙂 Svein Egil