Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Afrikansk kveld, med bad

Heilårsbad Posted on Sun, August 29, 2010 13:30

Ja, så var dagen her..

Forsamlingshuset i Ramsvik kolonihage var leigd for

anledningen, og me gleda oss til opplegget.

Dans til afrikanske rytmer,

afrikansk mat og sosialt samvær med gode badevener.

Anette frå Ghana stillte opp med full pakke.

Klar på kjøkkenet!

og sprudlande i glassene, då er det meste klart.

Ettet den afrikanske dansen ( afro-moves) var det plass til ei avkjøling i sjøen.

Det gjorde svært godt og skjerpa appetitten..

Så vart det retur til kolonihagen og gode smaker..

Kvelden vart finare og finare og me vandra heim med

afro-moves i kroppen og med gode bade-vibber….

Flotte gjeng med godt sosialt badetøy!

🙂 Svein Egil



Siste lørdag i august

Heilårsbad Posted on Sun, August 29, 2010 12:57

Goddagen!

No er det klarlegging for nytt badeår.

Sommarsesongen er avslutta, utan dei heilt store badetemperaturane.

Opp mot 18 grader er registrert.

Denne laurdagen var det få rundt miljøstasjonen klokka 10, men me dreg igang.

Kraftige regn og haglskurar prega natt og morgon, men på turen langs sjøen var det

sol og fina veret – øve oss! Me såg at mørke skyer vasa rundt oss, så meir var i vente.

Men benken vart satt under tak og me var fort igang..

Tysvær-bad denne gongen.

Damene i stranda og gutane på brettet.

Taket vart sjekka av nausteigarane ved sida av, etter ei natt med god nedbør.

Likevel fint under tak, då det kom nokre byger medan me kunne nyta frukost og kaffi og

franske småkaker frå Carolyn.

Temp denne dagen: 16 i sjøen og 13 på land.

… og bygene gjekk, men lova betre tider..

Me såg nå fram mot ei fine helg, med afrikansk dans og mat på programmet!

Me sjåast!

🙂 Svein Egil