Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Mannpånabooddebad

Onsdagsbad Posted on Wed, July 17, 2013 10:26

Gudd mårning!

Ser at badefolket har ulike sommarsyssler.
Gammaldans, roser, vin, jordbær….

Andre er innom jobb og eit avvekslande bad i Godalen.

Som Astrid:

Hilsen fra Godalen kl. 0722.
Vil tippe 15 grader.
Det sitter en mann på naboodden, tilskuer,
livredder, beiler- hva vet jeg?
Derfor ikke vidløftig posing foran eget kamera.
Her er blikkstille og ca. 15 grader på land også.

Hva skal vi til Syden å gjøre?

Hils rundt!

God dag fra Astrid

Her inne på Jelsa startar dagen med blikkstille hav og lett tåka.
Har god tru på ein solrik og flott dag!

No er det nitimen og nytrekt kaffi, kokt egg…

God sommar!

smileySvein Egil!



Feriebad I

Heilårsbad Posted on Mon, July 15, 2013 17:49

Hello Badpeople!

Sommarferie og “late” dagar..

Me kosar oss med andre ting enn det me gjer i det daglege, og det betyr så mangt.

Nokre reiser langt av garde, andre meir kortreiste.

Her i Ryfylke betyr det for oss Jelsa og Nyvoll.

Hage, hus, hytta, båt, seine sommarkveldar i lag med gode vener, god mat og drykk, jordbær så det monnar, rabarbrapai, langsteikt lam, sa eg bading?..

Melding frå Torhild den 2.juli:

LØRDAG, 5 badere i sjøen som holdt 15,2 grader.



Satt etterpå i solveggen med god frokost og kaffe. Fin start på helga.

God sommer!

Torhild

Onsdag 3.juli var Jorunn og eg nede til morgenbad.

Vår bryllupsdag nr. 26.

16,3 grader i vatnet og berre oss to i tosomhet..

Me var klare for ny dag. Ingen tegn til svier..

Så ny melding frå Torhild:

Lørdagsbad på Mones i Mandal. Søndag på Hvalstrand i Asker og

neste blir ved fjorden i Fredrikstad.


Sola skinner i øst.


Nyter sommer og ferie. 🙂

Torhild!

Ha ein fortsatt fin sommar!

smileySvein Egil



Fjærebad

Onsdagsbad Posted on Wed, June 26, 2013 19:54

Guddagen!

Ka du trur?

Sola har snudd!

No er me igang med nytt semester og mørkare tider.

Berre for å gje litt trøyst!

Sjøl om det blei ein sein vår, så er det grønt rundt oss så det monnar.

Litt forseinka, men likavel..

Fyssta bildet er det sedvanlege, men merk deg at det er sjeldan fjære sjø.

Ikkje ofte ein kan spasere tørrskodd under brua.

Meir strand å boltra seg i og lengre å gå for å dukka seg i strandkanten.

Noko som medførte at det vart bading ved trappa i dag.

Svier i sjøen, så det var greitt at det kunne observerast frå stupebrettet. Klåre

rettleiingar. Venstre– rett fram– stopp.

13,7 grader i sjøen og 5 blide morgonbadarar som tok del i bad og diskusjonar…..

Tid for det gode liv.. ser at Italia lokkar nokre, Danmark, Spania, Austlandet..

Her vert det Ryfylke og Jelsa/Nyvoll som står i hovedprogrammet.

Kjekke tid og me gleder oss!

Astrid plukka med seg ein kvist med hylleblomst.

Eit godt tegn på at sommaren er her.

Saft, syltetøy, i pannekakerøra, vin, dram..

Smatt..

Eg må gå!

Me badast!

:-)Svein Egil



Speilbad

Onsdagsbad Posted on Wed, June 19, 2013 22:00

God kveld!!

Onsdag og bad i Godalen..

Med gårsdagens flotta ver, så var det med forventningar me klargjorde oss

for morgenbad.

Speilblank sjø og absolutt ingen svier i sikte.

Fraksjonsbading denne morgonen, med nokre i stranda, Gesine frå det nya stupebrettet og inn til trappa, og majoriteten tok trappa.

10 sjøbadarar i godt humør. Og veret var upåklageleg.

og..

badesiluettar i trappa.

14,1 grader i dag, er vel varmaste til no. Neste lørdag har sola snudd og me vender nasen

mot ein ny vinter.

Men fysst..

Speilbad!

..så med samling rundt frukostbordet. Den gode samtalen og planar for sommaren..

No vert det bading rundt omkring i den vide verda…

..og Gry sender bilder:

Allways a silver lining..

Takk Gry!

Då er me klare for resten av veka og..

me badast!

smileySvein Egil



Linerlebad

Lørdagsbad Posted on Sun, June 16, 2013 09:25

God morgen!

Jelsatur på meg denne helga!

Det er tid for å skifta hyttetak, og det krev forberedelsar..

Men når det klaffar med å få smaka på dei fyrste Jelsajordbæra, så kjenner eg

at det går greitt. (Sjekk vedlagte smaksvedlegg: Jelsa.smk).

Eg får ikkje med meg badet i Godalen, og går glipp av ein sommarfest, men pytt!

Melding frå Gry:

8 badere.

Ett brudepar,

en frustrert linerle,

12,7 i sjøen og

ingen eggdeler.smiley

Og bildet fortel:

Smilande badefjes og godsaker til kaffien. Joda, det er eit typisk Godalenbad.

Ha ei strålande helg!

Me badast!

smileySvein Egil



BademeldingfråKristin

Ekskursjoner Posted on Thu, June 13, 2013 15:42

Joda..

Kristin melder fra Tanzania:

“Baderapport fra Tanga i Tanzania.

24 grader til lands og til vanns.

Onsdagsbad i floden.

Vind fra det indiske hav og medbraktbadevakt.

Alt vel.”

Og bilde:

Ingen tvil, her er Kristin godt i gang!

Så alle andre.. send inn badereisebrev gjennom sommaren….

smileySvein Egil



Sunnysidebad

Onsdagsbad Posted on Wed, June 12, 2013 21:52

Morn’ du!!

Javel, okej..

det e’ blitt kveld, og regnver..

Men i dag tidleg. før sju..

var det blå himmel!

Getsine satt klar, Marianne og Dag kom ruslande, og svært uvant..

Sten kom til slutt! Sjåføroppdrag forklarte alt!

Skifte tok me ute og så uti..

Dag leda an.

13,7 grader i sjøen i dag!

Det kjennes godt med sol på kroppen når ein kjem opp, og denne morgonen var valget klart.

Lunaste plassen var langs vegges utafor naustdøra.

og i solvarmen satt det også mange kloke ord på lur…

NIS var også innom med måling av temp. ute ved det nye stupebrettet. Der vart det 14,2 grader. Plukka søppel og sjekka stranda og toaletter. Godt jobba!

Til applaus frå denne gjengen!

Ha ein fin kveld!

Me badast!

smileySvein Egil



Jabad

Lørdagsbad Posted on Sat, June 08, 2013 22:16

Javel…

Laugardag og fiina veret!

Då me kjem vandrande mot stranda i Godalen møter me eit heller sjeldant syn..

Der sit tre jenter og strikkar i veg. Forberedt på kjøligt ver, men godt i gang med strikkinga.

Garnnøstene klare. Me såg at dei koste seg skikkeleg, men bada ville dei ikkje, ennå!

Nokre sat og venta då me kom, andre var på veg.

I alt 11 sjøbadarar i dag!

Me tok alle til badetrappa, då det gav oss betre oversikt med tanke på sviene.

Gry hadde oversikten, og der var lite å sjå. Med litt styring gjekk det svært bra!

13,6 grader er i alle fall rette vegen!

Kaffi, frukost og andre godsaker var delt rundt bordet, og Bodil synte seg retteleg flink

til å apportera.

No er det berre to veker til sola snur og me går mot ein ny sesong vinterbad.

Kjenner det skal bli godt.. men først..

sommar og sol!

Me badast!

smileySvein Egil



Speilbad

Onsdagsbad Posted on Sat, June 08, 2013 21:57

Hei igjen!

Eg er i Ålesund denne onsdagen, så difor litt seint innlegg, men det kjem

tikkande.

Frå Jorunn kjem det nokre bilete:

som syner at dagen byrja svært godt..

Å speila seg i morgonsolmåla sjø er berre heilt rett!

Og svievakta er på plass….

Badetempen gløymde dei ifarta..

Så kjem Sten:

“Hadde apparatet med meg i dag – og tok noen bilder som du kan bruke i bloggen om det trengs.

Nydelig vær og stupebrettene er snart på plass. Nye fundamenter er støypt.

Badetemperaturer og info rekner eg med at fruen forsyner deg med!!

Sten”


Og sjølvsagt fulgte bileta med..

Godt å sjå at stupebrettet ute på pynten no vert restaurert.

Takk til Jorunn og Sten!

🙂 Svein Egil



FørsteJuniSvieBad

Lørdagsbad Posted on Sat, June 01, 2013 14:38

Hei igjen badfolk!

Fleire på tur denne helga også.

Likevel god samling hos Carolyn og Helge Dagfinn i går kveld.

Fantastisk god suppe blei servert, med kaffe og kaker etterpå.

Og sjølvsagt godt med sang og spel!

Det høyrer til.

Takk til vertskapet for ein flott tradisjon!

og så dagen i dag..

Litt antydning til regn i lufta, men ikkje meir!

Det betyr som alltid.. det er badfolk på veg!

Og dei kjem stormande.

Frå alle kantar!

Litt bading her..

Stupebrett og trapp vart flittig nytta, også som utkikstårn.

og litt der..

Eit sommerleg tegn er jo at sviene er på plass i hopetall. Det gjorde det til ei utfordring

å hiva seg uti. Det heile vart meir kontrollert og beherska.

“Svøm til høgre.. NEI, venstre, rett fram..” Gry har kommandoen med svieradaren på plass.

No er fleire på reis. Paco er i Spania i Juni og lovar å sende melding.

Og ei oppfordring til alle: Send ferierapport på MMS frå din badeferie.. Så legge eg han på bloggen.

Ha ei flott helg!

Me badast!

smiley Svein Egil



« PreviousNext »