Bli med ein tur..
//www.youtube.com/embed/VjxQSchJw14Ha ei flott helg!
🙂 Svein Egil
er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:
Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.
Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.
Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.
"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).
Start i september!!
Spørsmål? sek@idsegata17.com
Det begynnte på ein måte litt uvant…
Onsdag morgen og litt grått, men ligavel godt!
Rutinen va klar..
stå opp, mala kaffien ( ikkje på veggen) og setta på kokaren, laga niste,
lesa SA og hørra på Lokalen. Fram med badety og klargjering te avreis.
Framme i Godalen og vegen ner til stranda..
Ein greie dag og folk å sjå..
men.. berre mannfolk?
Me stod litt forundra og såg på kvarandre.
Litt uvant dette!
Gry hadde meldt gyldig frafall og ka med resten?
Nei, det blei nok eit mannebad!
Ingen fare!
Fysst Kristin på klåre bein, så Carolyn på stive hjul!
Manna frå himmelen!!
Og knapt ei svie å sjå.
Prøvde meg her på eit snapshot av Gunnar sitt Bananhopp, men du kan sjøl sjå kor snapt det var!
16,3 grader denne morgonen og ..
.. på land!
God og lystig prat i ein ditto gjeng, som knapt kunne tenka seg å gå vidare..
men det gjorde me!
Ha ei flott veke!
Me badast!
Svein Egil
Fiina heljå!
Godt å sjå at så mange nyt seinsommarkveldane..
og morningane!
Lørdag intet unntak!
Etter samling ved miljøstasjonen og runde langsmed sjøkanten til Godalen, samla flokken seg
rundt naustet!
18 sjøbadarar tok turen..
Stranda låg innbydane, og familiane begynte alt å samla seg, med bøtter og spann.
Internasjonalt snitt denne morgonen også. Polen, Colombia, England, Canada.. og dalstroka
både utafor og innaføre..
Så og seie sviefri sjø og skikkeleg samling med stup/hopp og “synkron”svømming.
17,2 grader idag og ein vart liggande lenge i sjøen.
Nokre tok trebadsTOURen. Trappa, stranda og stupebrettet på neset.
Sola varma godt denne laurdagsmorgonen og me var klare for det mesta!
.. også kommande stortingspolitikarar treng eit bad i ny og ne..
Og Ellen sjøbadar støtta broder Torstein i valget!
Drøsen gjekk på så mangt, og politikk var iallefall eit av temaene.
Torhild sende MMS:
Morgenbad i Økstrafjorden.
Sola skinner og hele 19 grader i fjorden:-)
Fantastisk start på dagen!
Hils rundt!
Torhild!
Finaste fjorden etter mitt vet…
Så var me klare for resten av helga..
som vert kjempefin!
Me badast!
Svein Egil
God onsdag!
Javel…….
Godt oppmøte med 11 sjøbadere denne onsdagsmorgonen!
Utrulege gjeng som berre smiler og ler… når ein ser stort på det!
Og det skal ein ein onsdags morgon!
Badpeople allereie på plass når eg kjem rullande nedover stien.
Før ein får snudd seg er eit par alt i vatnet, men dei kjem fort over til trappa.
Lågvatn og mykje skrot i sjøen.
Men lite svier.
16 grader varmt og godt å vakna til ein ny dag!
Og sola på plass..
Tydeleg at gjengen no er i gang med sesongen!
Me badast til helga!
Svein Egil!
Hallais!
Ny veka og vermeldinga ser lovande ut for dei komande dagane.
Likeeins denne laurdagen!
Heldige med veret då me endar opp i Godalen med ulike startposisjonar og vegar til mål.
Etter kvart er det samla ein heil bøling av badarar som gjer seg klare til morgenbadet.
Fysst to-tre, så aukar det på..
Sviealarm, men det gjekk stort sett godt!
17.1 grader i sjøen og 14 badarar.
Øivind var ny badar i dag og godt i gang!
Det var godt å drøsa i solveggen utafor naustet og føla at sommaren heng litt igjen!
Mangt skal delast av opplevingar fra varme sommardagar!
//www.youtube.com/embed/uPziYQEquHMSå kan me berre lengta til onsdagsbad!
Me badast!
Svein Egil
Hei badfolket!
Onsdagen er historie og Wyvern er på plass!
Men onsdagsbadet er i gjenge..
i solskinn og fiiina veret!
Ja ikkje helt same tempen som det har vore den siste tida. Til det er nordavinden altfor tydeleg.
Så lenge der er sol er der varme. Og seinsommaren byr litt på seg sjølv denne onsdagsmorgonen.
Me tek turen til badetrappa og sjekkar.
Ingen svier å sjå. Kristin har med seg sin niese som ofte tek turen over for eit bad.
Det er godt å leggja uti og det føles som temperaturen er absolutt der han skal vera.
16,9 grader i sjøen, og 6 badarar i sjøen..
nei vent litt, 7 badarar. Gry er på plass og finn sjølvsagt fram manetar ..
i sjøen.
Alt er komplett.
Benken har fått ein yrkesskade. Det sedvanlege skjer, og ivrige hender skuar ut og av og fjernar ein planke i setet.
Godt jobba!
Med lått og løye går tida og me må fara vidare i dagen!
Om kvelden kjem Wyvern til byen, så kanskje me sjåast der..
Me badast i alle fall!
Svein Egil
Halloien!
Onsdagsbad igjen!
Etter ein kort periode med god vassføring og oppklårande regnskyll m/innlagt donner und blitzen var det tid for ei solfylt og stemningsfull stund i Godalen.
Me kom glidande i kolonnekjøring fram til parkeringa og såg berre blanke sjøen nere i Godalen.
To kvite svaner speilte seg i sjøen då me kom vandrande ned vegen, og Gunnar dukka opp rundt hjørna av naustet, klar for bad.
I alt 6 sjøbadarar klare for vatnet.
Turen gjekk mot badetrapp og stupebrett..
men sviene var i overtall i dag!
Då vart det full retrett og bad i stranda som eit godt alternativ, sjølv om svieradaren til
HMS-ansvarleg slo ut for fullt!
16,8 grader denne solfyllte morgonen.
Med ny tavle for badetemperaturen!
Upåklageleg stemning rundt bordet, der ferieopplevingar vart formidla med druse mål!
God vermelding for dei kommande dagane, så me legg ut på segltur med “Brødrene” og kursen vert sett mot Skudesnes og Haugesund.
Ha ei fin veke!
Me badast!
Svein Egil
God morgen!
Sit og høyrer på reiseradioen, nymalt kaffi og har henta inn litt rips.
Snart på tide med frukost!
Sol og skyer omanidom, men godt og varmt, både til lands og til vanns.
Dette er siste helga før vår sommarferie sluttar av for dette året.
Framleis over 20 grader i sjøen.
Her nokre stemningsrapportar som eg har motteke:
Torhild melder frå onsdag 24.juli:
Niels, Hanne og Torhild hilser fra Godalen..
Sydenstemning fra Godalenstranda.
Denne veka var det Gladmatfestival og eg tok turen til Stavanger fredag for å få med
stemninga i byn. Masse folk og møje god mat. Endte opp i Lervigsparken utafor Ostehuset
på Storhaug. Idsen serverte skikkelege burgerar, Jacobs og Ostehuset, samt øltelt og underhaldning. Kjempestemning med Storhauggjengen.
Sjølvsagt bad dagen etterpå:
Nesten ikkje folk så tidleg, men..
Så kjem heile gjengen like i helane..
Svieradaren på, men berre to i sikte og under kontroll.
Alt klart..
19,4 grader i sjøen denne dagen. Litt vekslande ver. Sol hos oss, men regnbyger over Sandnes. Litt yr i lufta då me rusla heimover.
9 sjøbadarar denne dagen, og kjekt å treffast før ein fer vidare på ferie.
Fysste onsdagen i årets august kjem melding frå Sten:
Hei igjen
Hadde tenkt å bade på onsdag, men tirsdag kveld var det mørkt og eg var litt trøtt. Så eg bestemte meg for å hoppe over morgenbadet – og heller vente til det ble litt kaldere i været.
Slo av mobilvekkinga og køyp til senga.
Klokka 05.45 lå eg lys våken og kikka på klokka og fekk ikkje sove lenger. Gammal vane er vond å vende – så det var bare en ting å gjøre. Stå opp – koke kaffe og komme seg til Godalen.
Skikkeligt vestlandsver. Regnet datt ner og eg var aleina på stranden. Heldigvis var det ingen brennmaneter så eg fant ut eg skulle ta meg ein dukkert.
Men så dukka Kristin opp i regnveret.
Hun hadde og tenkt å hoppe over morgenbadet – men fant og ut at en gang måtte hun starte høstbadinga.
Litt etter kom og ein te ruslande nedover bakken. Kristin sa at han holdt ein plastpose i hånda, så det var sikkert ein som skulle bada.
Det var Gunnar. Som og hadde tenkt å kutte ut morgenbadet, men hadde funne ut at han kunne ta ein tur nedenom for å se om det var noen som skulle bade.
Så fekk han eventuelt ta turen til Gamlingen om han var aleine.
Så det var tre “tvilarar” som bada. Våte blei me lenge før me nådde strandkanten. Vannet var herlig, me fekk ein god prat når me lå å duppa i bølgene.
Og – som vanlig – ein enda lengre prat over kaffekoppen og frokosten inne i bua.
Helsing Sten
Ha ein fortsatt fin sommar!
Me badast!
Svein Egil
//www.youtube.com/embed/S7Btoa7EHL0Bad i Helenastranda på Jelsa. Rein nedkjøling ein varm sommardag!
Uendeleg godt!
🙂 Svein Egil
Mornings!
Den nye vestlandsbunaden er todelt og eventuell overdel vert festa bak.
Finnes i ulike fargenyansar og stoffkvalitetar, også tuva ull.
Kan nyttast i vatn og turkar som oftast lett!
Astrid melder frå Godalen den 20.juli:
Heia frå Godalen!
Til vanleg badetid var det jammen tomt for heilårsbadarar!
Manetalarm ved eine stupebrettets å vi gjekk til det andre.
Der var det fint, og no får Tonje bruk for den nye solhatten sin. Kanskje 16 grader i vatnet
om ein legg godviljen til.
Bilete følgjer!
Helsing Astrid og Tonje i GSBF’s ungdomsfylking!
Flotte bilder av sommaren i Godalen!
Her på Jelsa har me fantastiske sommardagar!
Sit ute lenge etter at sola har gått ned, og badevatnet er no målt til 21 grader.
Ikkje til å tru!
Har kjørt Jorunn til Yogasamling på Askøy. Flott tur via Odda, Årsnes, Hatlestrand, Eikelandsosen og Bergen.
Men godt å vera tilbake i kringla heimsins..
Ha ein flott sommar!
Svein Egil