Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Tastabad2014

Ekskursjoner Posted on Sun, January 19, 2014 16:14

Så va’ det på’an igjen!!

Me har gleda oss lenge til å ta turen ut til Astrid på Tasta!

Så var endeleg lørdagen her, og me kunne setja kurs mot kjende mål.
Vel var det ein sterk kuling frå Aust, og rundt 3 grader i lufta, men me kjende på oss
at i Dusavigå var det livd.

Mortavigå-Arsvågen melde om stengde ferjesamband, men å kansellera Tastabadet stod ikkje
på dagsorden. Tvert imot!

Og Astrid tar imot med bordet dekka! smiley


Og snart er me klare for vandring mot åpent farvatn…


Godt kledde til bad, med ein liten oppvarmingsrunde før kleda fell.

og uti med oss! 10 badarar og 1 badevakt som applauderer dei badande!

Og her er gjengen samla!

Så var det påkledning og heimtur til Astridheimsins!


Og i serien: Båtnavn vi møter…
Idet me drog avgarde vart me var “typen” som låg med kjølen i været.
I opplag, berre for vinteren?

Godt og varmt. Full fyr i peisen og..
Orkide’ til vertinnen og..

Asiatisk suppe med reker og fersken, karriblanding og brød frå Ostehuset Øst, med godt tilbehør. Kjempegod suppestasjon for hungrige sjøbadarar.

Suppetallerkenane vart fort tømde og fyllte på, og drøsen gjekk godt.

Kaffi og kake derpå gjorde sitt til at enkelte (navn er halde ute) vart svært så segne og
fekk leggja seg ned for ein kvil..

Så var det tid for nye eventyr, etter ein fantastisk lørdagsmorgenbadsuppe-ekskursjon
til det forgjettede Tasta!

Takk Astrid for Hjertevarme og gode supperåd smiley.

Me badast!

smileySvein Egil



Snøføykebad

Ekskursjoner Posted on Sat, December 07, 2013 16:50

Hei igjen!

Her er det besøk fra Aftenbladet, Ludvig Lorentsen og Pål Christensen.

http://www.aftenbladet.no/nyheter/lokalt/stavanger/Se_-hun-bader-i-snofoyka-3309441.html

Dei var innom på eit fredagsbad og ville sjå korleis
det var hos badegjengen.


Her var det greitt.

Kjekt å høyra kva badefolket fortel om liv og lagnad i sjø og naust..


Og vatnet steig! Springflo og storm er ei dugande blanding.

(Billeder frå Gry og Torhild.)

Følg med..

🙂 Svein Egil



Fredagsbadepikene

Ekskursjoner Posted on Sat, November 23, 2013 09:05

Morn du!!

Som ein aperitif til laurdagsbadet kjem denne meldinga frå Kristin, som har
fredagsmorgonen i Oslo:

“Morgenbad på Sollerudstranda i Oslofjorden
m/ fredagsbadepikene.”

Med bildefølge:

På veg til bad.
Klokka er 7:46 og utetemp. er minus 7 grader
Dagen er fredag 22.november i det herrens år 2013.

og

Noko så flott!

Takk Kristin!

Det er då eg tenkjer:

… ..fekk slik hug til mi heimlege strand!

Ha eit forrykande flott laurdagsbad!

Me badast!

smileySvein Egil



Lyngør i bilder

Ekskursjoner Posted on Tue, October 08, 2013 15:58

Fredag 4.

Transportetappens dag.

MYE regn på veien ned til Lyngør, men ca. kl. 2130 var alle samlet på Kjeholmen, der fyret ligger.
Det einaste me såg var fyrlykta som sveipa i sin dans, og assistentboligen som var vår
base denne helga.

Helge Dagfinn/Carolyn stilte med Borscht
Russisk rødbetesuppe med mye godt!
Kjempegodt kvess etter en lang kjøretur.

Oppfulgt av mye annet godt!!

Høg stemning!

Lørdag 5.

Sjøbad før frukost!

“Opp att hoppa..”

God frukost før tur over til Lyngør, der me landa ved “Seilmakefruens kro”.


Thore guide tok oss så med opp på høgaste punkt og gav oss ei spennande innføring i Lyngørs historie og senkinga av “Najaden”, 6.juli 1812.

Deretter vandring i Lyngør og avsluttande middag ved kroen.

Sol og varmt, så dei fleste valgte å spisa middagen utandørs.

Heim til Kjeholmen og vidare eksursjonar rundt på øya, til me endte opp med Kjell Jensens fantastiske gresskarsuppa!
Mmmmm…

og litt til…


Søndag 6.
Sjøbad før frukost.

Så avreise til fastlandet, der turen gjekk til Nes Jernverk.
Spennande historie og eit flott anlegg.
Guiden sette oss inn i historia rundt verket og viste dei ulike prosessane for å produsera
jern frå malm.

Herfrå måtte 4 sjøbadarar returnera til Stavanger.

På heimvegen ein litt kjapp tur til før me endte opp i Lyngør og taxibåte him te Kjeøya.

Tid for konkurranse/tursti med innlagte oppgaver av ulik art og vanskelighetsgrad.
Litt diskusjon rundt enkelte postar og for ikkje å gløyma dei fantastiskt dyktige og engasjerande funskjonærane/dommarane.

Gunnar gjorde ikkje minst av sitt bidrag til at gruppe 1 vann ( men ifølge domarstanden var det “close race”).

Tid for eit badstubad for dei som ville det, med innlagt kaldtvannsspyling, ein kvil for andre, medan Rasmus, Susanne og Carolyn stod for kveldens fantastiske måltid med ein kjempeflott indrefilet, ratatouile, ris og anna godt tilbehør, avslutta med dansk “Æblekage”.

Dramatikk!!

Dag meinte absolutt at fyret burde lysa om kvelden, så det var fort konstatert at noko var feil. Gry sjekka ut beredskapen til kystverket og det fungerte godt.

Varsel vart sendt ut til alle skip om at fyret var slukka og måtte sjekkast ut.

Mørkt og stjerneklårt gjorde sitt til at stjernekikking vart ein felles attraksjon.
Med stjerneskudd!!

“Tidlig” kveld for min del…

Mandag 7.

Morgenbad før frukost.

og etter frukost fordeling av arbeidsøkter/områder med rydding og utvask.

Meiner det såg forbilledlig ut då me låste dørene for så å rusla ned til nærmaste bryggekant, der taxibåten henta oss til avtalt tid.

Nokre til Danmark, andre i Austerled og Vesterled, og til sist to til Istanbul.

Kort tut innom Tvedestrand og bokbyen før nasen vende mot Stavanger og regnbyger.

Fiina veret i Lyngør og fantastiske dagar med badegjengen.

Makan!

Her er meir å føya til.. men det kjem til årsmøtet, saman med ein filmsnutt frå turen.

Me badast!

smileySvein Egil



Ein liten seilesnutt

Ekskursjoner Posted on Thu, August 29, 2013 23:07

Bli med ein tur..

//www.youtube.com/embed/VjxQSchJw14Ha ei flott helg!

🙂 Svein Egil



BademeldingfråKristin

Ekskursjoner Posted on Thu, June 13, 2013 15:42

Joda..

Kristin melder fra Tanzania:

“Baderapport fra Tanga i Tanzania.

24 grader til lands og til vanns.

Onsdagsbad i floden.

Vind fra det indiske hav og medbraktbadevakt.

Alt vel.”

Og bilde:

Ingen tvil, her er Kristin godt i gang!

Så alle andre.. send inn badereisebrev gjennom sommaren….

smileySvein Egil



Danmarktur m.m.m.

Ekskursjoner Posted on Tue, October 16, 2012 12:49

Hallaisen folkens!

Og takk for sist!

Lite regnvatn har gått i havet saman med oss sjøbadarar sidan sist, så sannelig har me vore heldige, både her heime og over Skagerak.

Heil 19 stk. vart med på tur til Danmark, og Gry og Susanne har vore stødige bautaer for oss reisande sjøfantar. Alt lagt vel til rette, jamvel og for reisande 60-årsjubilant Helg Dadfinn. Gratla!!

Medan mange reiste over dammen, vart og ein del heime..

Gesine melder frå lørdag:

” I Godalen var vi 4 badere i dag. Vi fant en gammel badeand (gradestokk) som viste 5 grader… men den anda har nok levd sine beste dager, det var nok ikke så kaldt.

Vurderingene var mellom 10 og 12,5 grader (hvis jeg husker riktig). Selv tror jeg ca. 11 grader.

Været var veldig skiftende, alt fra strålende solskinn til skikkelig regn på noen få minutter. Da vi gikk ut for å bade regnet det, men slutten av badet fant sted i sokskinn… det samme med frokosten, så vi satt ute med benken ved sjøen.

Vi fant en nøkkel utenfor, den tilhørte ikke døren til skuret/boden. Vi la den inn, vet ikke helt hva vi skal gjøre med den.

Dere får koswe dere på onsdag, så sees vi på lørdag.”

Vi reisende kom i land i Hirtshals og dro rett ut til bad på stranden.

Soloppgang og 12,5 grad i vannet.

Det var fem nye badeburkaer som vart innvidde, til stor jubel.

Helge Dagfinn, Jorunn, Tonje, Astrid og Kimmi tok jomfruturen på Hirtshals Nordre Strand!

Deretter frokost på vandrerhjemmet, før turen gikk sørover langs vesterhavet, mot Løkken og Blokhus.

Å sluntre i vannkanten må ses i et større format her i Danmark. Vandring på stranden i sjøkanten, time etter time… fantastisk å kunne se stranden forsvinne i horisonten.

Med innlagt shoppingstopp i LØnstrup, noen små korte kjøreturer, så videre langs stranden. En gang stoppet av at trappen til stranden var borte. En annen gang stoppet av skytternes dag i Danmark. ( Ikke det at målet var løpende nordmenn…) Vandringen i Mile (vis) etter mile. Forsøk på berging av tysker i skårfeste. Kort sagt, en lørdag med store variasjoner.

Her har Astrid samlet oss alle i en matpause ved Mårup kirke. En lun gressbakke. Sol og blå himmel..

God mat og drikke. Sommerfugllarver i hopetall og Rudbjergknude i horisonten.

Så videre til Blokhus og Susanne og Rasmus sitt landsted.

Opp med lavvoen og så til futten-frokost ved HUTTEN kro.

6 retters meny med så mye godt at enkelte måtte si nei takk til siste rett.

Fantastisk sted som anbefales!

Neste morgen bad på stranden i Blokhus.

Med mye bølger og godt med vind!

Lavvoen ned og første returgejng kjøres til Hirtshals mens resten drar til Gorm Spåbæk og vandretur Dronninglund storskov.

Her var det tilgang til både stor kunst og en flott vandring i de danske bøkeskoger..

Sopptur kunne lett ha blitt en høydare om turen var tatt litt tidlegare.

Marianne hadde teften og var stadigt på sporet. Begrepet Stilleben nådde nye høgder.

Bare sjekk bildene til Marianne.. Fantastisk!!

Så gjekk turen vidare til Bratten Strand der Annette og Jens holder sommerhus.

Kjempeflott plass, god plass til telting, men me holdt oss innomhus.

Så vart det middag på Aalbæk kro, før vi etter vert falt til ro, noen tidligere, andre senere. Andre gjenoppstod…

Neste morgen champagnebad på Bratten Strand…

( På vei tilbake..)

Så gikk turen til Rudbjerg Mile.

med noe så sjeldent som engler i sanden..

Mandagen ble så tilbragt i Skagen. Lunsj på Brøndums hotel..

og deretter Grenen, der vi

besteg Danmark..

Joda, sjølvsagt med et bad.

Boka skal ha tittelen: Bader med seler…

.. og så var det heimreise og farvel til Danmark for denne gongen.

Stor oppleving!

Og sjekk alle dei flotte bildene som vert lagt ut. Marianne, Sten, Astrid og fleir som nytta mobilen flittig.

Gode minner!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Hundvågbad

Ekskursjoner Posted on Sun, February 19, 2012 10:47

God dagen folkens!

Gårsdagen var våt så det holdt, men ka gjørr vel det?!!
Ut på tur, aldri…

Jojomen!

Godt humør i denne gjengen som møtte ved Varden miljøstasjon denne lørdagen.

.. også!

Litt forsinka avmarsj frå Varden, men så var me på vei til Anette og Jens på Hundvåg.
Ein flott fottur over Bybruå og tvers over Hundvåg.

Etter å ha kryssa spora med Carolyn, Helge Dagfinn og Niels, strauk me avgarde.

Ein kort stopp ved Hundvågsenteret og så vidare.

Anette meinte hu traff “tre trette typer” på vegen då ho kom oss i møte.
Men her var det spenst i kvart steg.
Det går fort når ein slepp laus praten.

Så var det rett ned til stranda og klesbytte i naustet.

Svært greit å bytta klede under tak, då det regna godt under badet.
Langgrunt så det holdt, men flott sandgrunn å gå i, så det gjekk lett.

17 badarar la på svøm, med nokre badevakter som tok bilder og moralsk støtte.

Her har Anette og Jens ei flott strand rett utanfor stovedøra, rett i sjøen.

Her er det lagt til rette for eit godt sjøbadeliv, og med eit nytt friområde på gang vert dette heilt fantastisk.

Idag var det rundt 5 graderi sjøen, men Niels hadde ei kontrollmåling i eit høare sjølag og kom fram til 6,5. Dette vil eg tru var ein underlivsstraum som tok tak ( dei er farlege) men eg har ingen bevis.

Så bar det innomhus, etter ei lita synfaring av den meteorologiske stasjonen til Anette.
Eit prakeksemplar. Me ventar nå faste rappportar og gode prognosar for kommande bad..

Over 20 kvinner og menn tok huset i hende og var fort plassert på kjøkkenet, der Olle var chef-of -the-day.

Deilige kyllingsuppe med godt brød.. treng eg seia meir.
Akkurat det som skal til for å få fart i nedkjølte lemmar og indre organer.

Drøset gjekk så høgt at det var vanskeleg å komma til orde med ein tale, men Olle og Jorunn slapp litt til.

Olle talte varmt for eit sjøbadartokt til Danmark i løpet av året, og Jorunn takka vertskapet på vegne av gjengen for invitasjon og hjerterom, med suppe og fastalavnboller i dansk klesdrakt.
Du men det var dejilgt…

Alt tar jo slutt og etter kvart måtte me sei farvel til vertskapet og dra oss attende frå denne øya i nordveg.

Takk for ei god oppleving Anette, Jens og Olle.

Så var det tilbake til kvardagslaurdagen, med handlerunde og..

Ha ei fin helg!

smileySvein Egil

Bildene.. takk til Astrid som fotograferte flittig..



Solsnusuppebad på Tasta

Ekskursjoner Posted on Sat, January 07, 2012 16:03

Fiine dagen!

Godt oppmøte på Varden miljøstasjon idag,
då me skulle avgarde til Astrid på Tasta.

Var ein tur nedi naustet for å få med meg badesko og badeshorts.
Der traff eg Jarle frå Bømlo som også vil ha nokre å bada med.
Han fekk tilgang til naustet og kjem neste laurdag.

Ittekvart kunne me samlast hos Astrid for ein liten spasertur til Vardeneset og så eit bad.

18 humørfulle sjøbadarar traska i veg.

6 grader i sjøen gjorde oss berre godt.
Astrid har gjort ein flott jobb med å mura opp den flotte leveggen ved stranda, så det var greitt å skifta til badetøy. ( Det var ikkje nødvendig Astrid, men takk allikevel…) smiley

Heldige med veret, med sol og opphaldsver heile turen.
Regnbyga kom då me sat inne og koste oss med det som me nå kallar “solsnusuppe a’ la Astrid”.

Den er berre kjempegod!!

Den både varmar, oppmuntrar og pirrar smaksløkane. Alle vert klare til ein dupp!!

Likeeins vert Bodil inspirert til dikt og sang, med Siv som forsangar.

Takk til Astrid for ei flott samling.

Då ses me til onsdag!?

🙂 Svein Egil!



Ryddetid

Ekskursjoner Posted on Fri, December 30, 2011 08:13

God morgen!

Kvelden i går ble delvis nytta til rydding på stranda ogi naustet.

Natur- og idrettservice hadde også vore på plassen og henta inn ein heil del, men no ser det ganske så bra ut…. enn så lenge!

Opphaldsver hjalp godt i begynnelsen, og med lys frå bilen gjekk det greitt å rydda unna.

Etter at jobben var gjort kunne me ta ein pause rundt bordet med kaffi og anne godt.

Ei lita mus kom også innom og sjekka forholda..

Då snakkast me til vanleg tid laurdag, og:

Til 1.nyttårsdag melder styret:

Frammøte ved Miljøstasjonen på Varden kl. 1200 eller direkte i Godalen kl. 1230

Då er det bad og fest!

Styret oppfordrer alle til å komma med kulturelle innslag.

smileyHa ein flott dag!

🙂 Svein Egil



« PreviousNext »