Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Rekrutteringsbad

Lørdagsbad Posted on Tue, November 19, 2013 07:26

Hallaien!

Mørkt om dagen!

Nå er det snart berre ein månad att til solsnu.

Laurdags morgon kom – og eg er på Jelsa og ikkje i Godalen.

Alltid litt rart å ikkje kunne ta turen ned og møta gode badevener, men Torhild melder:

“Godalen lørdag 16 november: 15 badere møtte til morgenbad, temp i sjøen lå på rundt 10 grader og det ble bad både fra strand og stupebrett. 2 nye badere i dag, velkommen!”

Med bilder:

Badeklar!!
Ver, ja, men kler ordnar alt!
Alternativet for dei som vil litt meir er stupebrettet på neset.

Takk til Torhild for inspirasjon til fleire badarar og..

til onsdag tek eg med parafin til stormlykta, så då..

Me badast!

smileySvein Egil



Mimrebad

Lørdagsbad Posted on Mon, November 11, 2013 16:15

smileySvein EgilHei alle sjøbadarar!

Helga kom farande med blest, regn, “Donner und Blitzen”.

Me reiste frå landet torsdag og landa i solfyllte Newcastle og hald fram med ein nydeleg
togreise til York. Kan anbefalast.

Lørdag kjem det melding frå Gry:

Godalen melder: Mimrebad uten nøkler. deilig foemddagmed regn i lufta. 4 badere og en badevakt. Det meldes ca 10 +|- i vannet.

og med bilde på slep:

Det ser deiligt ut, med snødekte fjell i horisonten.

Me brukte lørdagen til synfaring i York og fann fram til både pub’ar og handlegater.

Sjølv om alle gatene ikkje var like lette å skjøna seg på:

Så då så!!

Ha ein flott dag!

Me badast!



Costa del Storhaug-bad

Lørdagsbad Posted on Sat, November 02, 2013 16:37

God kveld sjøbadarar!

Kort rapport frå dagens sjøbad!

Vandrande badarar vart målbundne av oppmøte i dag!

7 vandrarar vart fort tridobla, og til slutt talte me 27 oppmøtte ( 2 badevakter).

Ungdomsfylkingen stillte sterkt og var forsterka med søstrene til Tonje.
Spreke jenter!


Dei fleste nytta det flotta veret og tok klesbytte utandørs!

Blå himmel og stille sjø gjorde det heile til ein god oppleving.

Lange skyggar frå ei låg sol. Gjengen er klar..
Nokre i Stranda, andre ved trappa.


Jorunn og Anita..

Astri og Kimmi..

Sprudledamer, det vil me ha..

Så turen over til trappa, der det og var ein gjeng..

Ingen tvil om at Helge Dagfinn likar seg i sjøen!


Og i solveggen Arvid og Synnøve.
Kven treng vel Costa del Sol når ein har ein slik plass?
10,8 grader i sjøen i dag!

Alle borda måtte ut i dag, og ingen problem med å seta 27 personar.
Ikkje verst!
Fleire nye fjes i dag, og me håper at dei vender tilbake til badegjengen.

Ha ein fin dag!

Etter badet drog fleire på Gelleritur, Ostahus og bykafear.
Andre drog på handletur og bursdagsfeiring av 95års dag til besten.
Gratla frå badegjengen!!
Og til sist vart borda rydda inn, døra lukka og ein tur innom den nye kolonihagen til Merete og Svein før nasen vende heim!

Me badast!

smileySvein Egil



Sprudlebad

Lørdagsbad Posted on Mon, October 21, 2013 15:24

Du sprudlande!

Helg og badetid, og tid for å markera dagen til
Carolyn. Dette er ikkje kvar dag ein feirer 40 ++!

Eg er på Jelsa denne helga og kosar meg med maling av golv då det kjem melding frå
Torhild!

Med billedfølge:


Godt å sjå at sprudledamene er på plass.

Observerar at temperaturen er synkande, men at stemningen er den sedvanlege:
På topp!

Jorunn: Badevaktene var godt
representert v/Johanne, som kom med velvalgte ord, og minde oss på at
badevaktene er det nærmaste me i badegjengen kjem royale krinsar. I grunnen er
dei badevaktdronningar

Ha ei flott veke!

Me badast!

smileySvein Egil



Haustbad

Lørdagsbad Posted on Mon, October 14, 2013 15:55

Guddagen!

No er helga over og me kan sjå attende til ei
fantastisk helg når det gjeld ver og vind her i krinsen.

Den eine etter den andre postar bilete av solned- og oppgongar med vakre haustfargar som spelar seg i vatn.

Då gjerne med ein sjøbadar eller fleire i biletramma.

Else sender rapport frå Godalen:


8 badarar og 13 grader i sjøen.

Og som alltid – smilande fjes.

Ja ei flott helg!

Me var på Jelsa denne helga og fekk oss fleire bad i sjøen, både på Jelsa og på Nyvoll.

Men ein kjenner no at sjølv om sola varmar, så er det haust i lufta.

Sesongen er i gong!

Me badast!

smileySvein Egil



Forberedelsesbad

Lørdagsbad Posted on Sun, September 22, 2013 09:41

God morgen!

Jelsahelg på oss, og hytteliv på Jelsa og Nyvoll.

Fantastisk ver fredag og lørdag, men litt gråare i dag.

Det passa godt, då me hadde møje å få brent opp.

Vått i graset, med morgondis ( 6 grader fredag morgon).

Men frå Godalen kjem det melding frå Torhild:

“Morgenbad i Godalen lørdag 21.september.
10 badere, 14,7 i sjøen og fremdeles varmt nok til svømmetur fra stupebrett.
Bad nr.2 ble fra stranda. Forberedelse til vintersesongen er i gang.”

Med bilder:

God gang..

Tagging på døra??

Nei, det var sjøtempen som blei krita ned!

Ha ei fin helg!

Me badast til onsdag!

smileySvein Egil



Kristinbad

Lørdagsbad Posted on Sun, September 15, 2013 18:33

Javel..

Lørdag og badetid!

Plastposane samlast og sjølv om veret ikkje er heilt på topp, ka gjer vel det?!

Videosnutt er undervegs!

Fine gjeng som møtest ved Varden kirke nok ein gong og tek turen langs Hillevågsvatnet, forbi branntomta etter Strømvik bad og ut til Godalen.

Badefolket samlast og er fort klare til sjøbad.

Kristin fyller året idag, og me kan synga gebursdagssang.. HIPP, HIPP, HIPP:
HUrra, Hurra, Hurraaaaaaaaaaaaa!

15,2 grader i sjøen idag og 15,5 på land. Omtrent det same som sist.

Idag var det 14 badarar samla i naustet etter badet.
Godt å kunne opne naustdøra og samlast rundt eit bord, sjølv om det regnar ute!

Kristin har med sjokolade frå Warszawa.. og den svann fort..

..og drikkehanske i Mariusmønster.. slå den!! Kjempeflott!

Drøset drog på seg og fauk innom mangt og møkje.. før me til slutt måtte innse
at dagen inneheld meir enn morgenbad i Godalen!

Godt bad!

Fargerikt fellesskap!

Er der nokon tvil!?

Me badast!

🙂 Svein Egil



Lynbad?

Lørdagsbad Posted on Mon, September 09, 2013 16:05

Guddagen!

Har vore på reis sidan onsdag morgen, men fekk meg eit bad i Godalen
tirsdag kveld. 16,7 grader og ein flott stemning i 21-tida
Lørdag formiddag kjem det MMS frå Torhild:

En flott start i Godalen denne lørdagen.
13 badere, fint vær og over 16 grader i sjøen.

Nye badere i dag:
Velkommen tilBritt Helen, Yngve og Marianne!


Langbord og god stemning, heilt tydeleg!

Dagen før var det lyn, torden og regn så det holdt!

Fiina veret!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Brannbad

Lørdagsbad Posted on Sun, September 01, 2013 08:07

Gudd mårning!

Helg igjen og me rundar av august!

Det stundar mot haust og ein opplever tydeleg at kveldane er mørkare.

Denne helga vart det Jelsatur på oss, men sjølvsagt eit bad på plass..

Sviefritt og berre nokre tyske fisketuristar som fiska med stang frå båt… ( me beit ikkje på.)

Frå byen melder Kristin:

Rapport til bloggen. 12 blide badere, 16,4 i vannet. En lille en til kaffen og upåklagelig stemning. Stor aktivitet rundt oss. Brannvesenet brant ned MC-huset. Horder av joggere sprang maraton, men intet kan måle seg med et godt bad!

Godt å sjå at Badeungdomsfylkingen er i gong.

Her er fleire aktiviteter festa til “celluloiden”:
Synkron, friflyt, distanse og mølje..

Litt rart å sjå at bakteppe denne dagen bokstaveleg talt er røykteppe etter nedbrenninga av
Strømvik bad. Etter 99 år er huset vekk og me kan berre sei: Ka nå?


Badeturmat: Akevitt og sjokolade ( etter badet ).
Etter prinsippet: “No er det fest, la meg få ei Solo og 10 glas!”


No kan me gleda oss til bad i soloppgang på onsdagsmorgonen.

Ha ei fantastisk helg!

Me badast!

smileySvein Egil



TrebadsTOUR

Lørdagsbad Posted on Mon, August 26, 2013 16:43

Fiina heljå!

Godt å sjå at så mange nyt seinsommarkveldane..
og morningane!

Lørdag intet unntak!

Etter samling ved miljøstasjonen og runde langsmed sjøkanten til Godalen, samla flokken seg
rundt naustet!

18 sjøbadarar tok turen..

Stranda låg innbydane, og familiane begynte alt å samla seg, med bøtter og spann.

Internasjonalt snitt denne morgonen også. Polen, Colombia, England, Canada.. og dalstroka
både utafor og innaføre..

Så og seie sviefri sjø og skikkeleg samling med stup/hopp og “synkron”svømming.

17,2 grader idag og ein vart liggande lenge i sjøen.

Nokre tok trebadsTOURen. Trappa, stranda og stupebrettet på neset.

Sola varma godt denne laurdagsmorgonen og me var klare for det mesta!

.. også kommande stortingspolitikarar treng eit bad i ny og ne..

Og Ellen sjøbadar støtta broder Torstein i valget!

Drøsen gjekk på så mangt, og politikk var iallefall eit av temaene.

Torhild sende MMS:

Morgenbad i Økstrafjorden.
Sola skinner og hele 19 grader i fjorden:-)

Fantastisk start på dagen!

Hils rundt!

Torhild!


Finaste fjorden etter mitt vet…

Så var me klare for resten av helga..
som vert kjempefin!

Me badast!

smileySvein Egil



« PreviousNext »