Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Haustbad

Lørdagsbad Posted on Mon, October 20, 2014 07:59

Goddagen!

Joda, det står til….

Men eg glømde heilt å leggja inn bilder på bloggen etter laurdagsbadet.. ( vart direkte på Fb.)

Travle tider.. på ein måte..

Haustalegt, med vind, regn og haustgule fargar.

Seier som Jonas ein gong i barndommen: ” Pappa.. det blade i dag!”


Ja, eit flott teppe er lagt ut!
med mulighet for “bylgjer” i håret.. for dei så har.

Eg var tidligt uti denne dagen då programmet vidare var tett, så eg vart strandløva då dei andre bada!

Fine gjeng! 7 badarar og 12,4 grader i sjøen i dag også.
Tid for litt drøs og lufttørking.
Så klar til klesbyte.
Vidare i dagen, medan gjengen sat og koste seg vidare.

No nærmar det seg nye soloppgangsbad, men ikkje før i neste veke.

Me badast!

smileySvein Egil



MORGENbad

Onsdagsbad Posted on Wed, October 15, 2014 16:30

Fiina veret!

“Det einaste ho ønska seg va ein solskinnsdag

Skyfri himmel

En problemfri time i go’e venners lag

Nykter, men svimmel

Svimmel av glede, så glad for litt fred

Det e’kje for møkje å ønska seg det

Men du vett, det ska noke te

Det e for ti’å ikkje sånn livet e”

synge Bjørn Eidsvåg..

Kaldare tider…

Jo, skyfri himmel i go’e venners lag!
Det ska bare litt gange te’…
Her e’ gjengen samla!

..og dagen grydde..

12,2 grader i sjøen og 14 sjøbadarar helsa dagen!


Mye matprat og nye oppskrifter på gang.

Måtte dessverre gå får sola kom opp etter kl.0800, men ein fine gjeng sat å venta!

Godt å vita at når klokka skrus mot sommar – så vert det nye soloppgangsbad!!.

Vintertid i Norge i år 2014

I 2014 stilles klokken 26. Oktober, tilbake 1 time fra kl 03.00 til 02.00.


Dermed ble det vintertid igjen.


Klokken stilles så tilbake til normaltid den siste søndagen i oktober.


Hvilken vei skal klokken stilles?

En grei huskeregel er at klokken alltid skal stilles mot sommeren. Altså en time frem om våren (mot sommeren) og en time tilbake om høsten (mot sommeren)

Ha ein flott dag!

Kanskje me badast på lørdag?!

smileySvein Egil

Dag sender nokre bilder frå soloppgangen..


Sola stig!

Sten i morgenlyset.
Dag(en) er i gong!

Takk Dag! smiley



Fullmånebadutenfullmåne

Onsdagsbad Posted on Wed, October 08, 2014 15:06

God onsdag!!

Dagen i dag – 8. oktober
Pelagiadagen: Minnedag for Pelagia den Botferdige, skytshelgen for skuespillerinner og botferdige syndere.

Navnedag
Benedikte, Bente

Gratla te alle Bentene!!smiley

og som så mange mørke morningar..
Opphald då me kom vandrande mot gjengen som hadde benka seg utføre naustet, klare for bad!

Fort vart me 11 badarar ( berre meg som mannebein ) og 13,7 grader i sjøen.


Etter påkledning vart naustdøra opna på vidt gap, då det byrja å yregna.

Men ka gjer det? Lys på bordet og blåtimen i naustgluggen!

Det lysna fort og tida gjekk endå fortare. Kristin stilte både med kusine og med fersk brødbakst frå moderen. Det kan fort bli ein vane..

Nei dette gjekk for fort. Jorunn rettar meg.. Kristin stilte med både svigerinne Elin og nybakt kringle frå svigermor… Beklagar Kristin og Elin.. smiley


Og kaffien smaka godt til drøset, som skifta frå blåskjellbegrodde båtar på Sørlandet.. til Rub&Stub-restaurant i København ( der Marianne B jobbar frivillig når ho er heimom.)

Og folk og hundar kosar seg!

Ha ein fin dag!

Me badast!
smileySvein Egil



Haustferieopningsbad

Lørdagsbad Posted on Sat, October 04, 2014 12:32

Guddagen!

Lørdag, haustferiestart og badetid.

Fleire på reis frå og med denne helga, men Kari, me prøver oss
på eit bad med dei som kjem..

Tomt på Varden miljøstasjon då eg kom med plastposane mine og flaskeforet


Men Arvid og Else kom fort vandrande etter. Tre sjøbadarar på vandring langsmed sjøkanten fra til Godalen.

Folk i sikte, og fleire kom vandrande til frå ulike kantar.

14 badande samla til slutt.

Vind frå aust laga byljger ikkje berre i håret, så det vart bading frå både starnd og trapp. Opptil fleire rundar.

14,7 grader. Sjøtempen på veg nedover, men godt temp. i lufta.

Lufttørking.

Rundstykker, smør, brunost, boysenbærsyltetøy.. og mykje anna.
God frukost!

Ha ein god dag vidare. Champagnelunsj, fotballtur til Manchester, husvask, ,,,
Arvid og Else tek ein kvil på den nye benker på neset mot Ramsvik.

Og som lovet på bloggen, oppskriften til Marianne’s rustikke rundstykker, servert på Røvær:

Hermed opskriften på de boller jeg bagte i morges. Dejen røres sammen aftenen før, og hæver i køleskabet natten over, dækket med plastikfilm. Næste morgen sættes bollerne på en bageplade med ske. Det tager bare 10 minutter om aftenen og 10 minutter igen om morgenen, og du har nystegt brød. Velbekommen

750g hvedemel
150g havregryn
7 dl vand
25g gær
1 spsk honning
½ spsk salt
3spsk olie
blå birkes (som pynt hvis det ønskes)

Sådan gør du:

1. Rør gæren ud i koldt vand, tilsæt salt, olie, honning og havregryn. Rør rundt.
2. Rør melet i lidt af gangen og rør den glat. Dejen skal være meget våd og blød.
3. Kom husholdningsfilm over skålen og kom den i køleskabet natten over.

Næste morgen:

1. Du tager dejen ud af køleskabet og sætter den på bagepladerne med en ske da dejen er blød og våd. Jeg plejer at få ca. 12 store boller ud at denne portion. De behøver ikke at være fine i formen eller helt lige store. Hele pointen er at de er hurtige og lækre, så det er fint hvis de er lidt rustikken. Lad bollerne hvile imens ovnen varmes op.
2. Drys evt. bollerne med birkes eller sesamfrø hvis det ønskes.

Bagetid: 20-25 min på midterste rille i en forvarmet ovn på 220 grader (varmluft 200 grader)

Jeg prøvde meg i går kveld og i dag tidlig, servert til frukost i Godalen.
Vellukka!


Ha ei flott helg!

Me badast!

smileySvein Egil



Oktoberbad

Onsdagsbad Posted on Wed, October 01, 2014 15:50

Guddagen!

Oktober er årets tiende måned og har 31 dager.

Årets fire siste måneder har fått navn på samme måte: etter dens plassering i den opprinnelig romerske kalenderen. Latinske octo betyr åtte.

På gammelnorsk ’sædemåned’ for såing av vinterrug, også kalt ’slaktemåned’.

Første hverdag i oktober trer Stortinget sammen.

.. og vi bader!


Samling 1.oktober og godt oppmøte, 14 stk. Istedet for kun Kari nå sist mandag, da mange var på reis..

Lys himmel og soloppgang i vente. Me lengtar mot open naustdør i Godalen, sjølv om mange skifta ut i det fine veret.

Klare til bad – og idag vart det både strand og nes..


Men fysst… ut av bua..
Strandløvinner og ..
brett-terner ( og någen større havsuler..) – 15,3 grader i sjøen.
Og her nokre nye badeburka-piger ( med linselus i bakgrunnen.)
Marianne S-P.. du lova oppskrift på eplekagå!

Ha ein fin dag!

Me badast til helga!

smileySvein Egil



Røværturen2014

Ekskursjoner Posted on Wed, October 01, 2014 00:03

Hei og takk for sist!

Her er turgjengen samla på toppen av Røvær!

Sjekk “snutten” her:

https://onedrive.live.com/embed?cid=809FD4985CDA59FC&resid=809FD4985CDA59FC%215852&authkey=ABxSH2q1k-bu4M0

Me badast!

smileySvein Egil



Gryningsbad

Onsdagsbad Posted on Thu, September 25, 2014 07:34

Morn du!smiley

Hørte nettopp på Lokalen og vermeldingå for heljå..

Regn og kuling frå vest!

Ver så det hode med andre ord.

Badever og elementene i gong… på Røvær.

Kjenne at eg glede med allerede.

Men nå te gårsdagens bad..


Utrulegt kor fort det går frå mørke til lysning i vest..

Berre den korte stunda me samlast ved naustet merka me at det lysna.


og me vart fort 10 badeklare.


som for i sjøen. Nokre i stranda og andre ved trappa.


15,4 grader i sjøen er ikkje verst for årstida, men det vert nok nokre steg nedover no når det
tettar seg til. Me får fylla opp parafin på stormlykta og gjera oss klare for haustbada.


Så vart deg dagslys og tid for andre ting.

Ha ein flott dag og..

me badast!

..kanskje på Røvær.

smileySvein Egil



Rotebad

Lørdagsbad Posted on Mon, September 22, 2014 15:18

Hi folks!

Heljå e øve og me e klare for haustalege vindar..

Jelsa lokka meg avgarde denne heljå, men Jorunn sender MMS:

Men fysst et bilde frå Sten som syntest det var møje rot då gjengen kom ned, men det vart fort rydda!


Så til verket!

Har sendt deg nokre blide pr e-post frå laurdag. Me var 22 badarar, godt i sjøen, men ingen målte temperaturen…:)


God gang, sjølv om ein var så kjappe i sjøen at ein glømte å sjekka tempen!

Da badast me til onsdag og så..

Røvær neste!

smileySvein Egil



Timelapse

Onsdagsbad Posted on Sat, September 20, 2014 10:14

God helg!

Ein kort snutt frå onsdag, der trappa på neset var tatt inn utan at eg la merke til det
då eg førebudde opptak.

Difor eit raskt bytte…

https://onedrive.live.com/embed?cid=809FD4985CDA59FC&resid=809FD4985CDA59FC%215843&authkey=AGyNyk0o1ZWvEHY

Helsing frå Jelsa!

Me badast!

smileySvein Egil



Solbad

Onsdagsbad Posted on Wed, September 17, 2014 15:41

Guddagen!

Idag blei det soloppgangsbad igjen!

Tydelege forventningar då heile 16 badarar kom deisande nedover mot Godalen då klokka
nærma seg 0700.

Månen på hell, men sol på gang.
Soploppgangen var satt til 07:08, men..

vart sola klokka inn 07:17.

Badetrappa på neset var tatt inn, og badeblåsene var også samla saman for vinteren.
Sjølv om temperaturen i vatnet var 16,3 grader og på land rundt 13 grader.

Diverre fleire og fleire bord som er løsna, så her må det sterkare lut til..


Astrid og Jorunn helsa frå Haugesund og gjengen returnerte!

Som alltid.. god stemning rundt benkene.

Bilder: Dag og Svein Egil.

Då er det kvardagen som ventar.

Me badast!

smileySvein Egil



« PreviousNext »