Guddagen!
Onsdag igjen og me e klare for bad!
Vel innforstått med at bilparkering til Godalenbad må skje ved Godalen vidaregåande er me på plass like før kl. 0700.
Niels er med idag.
Stillte for sikkerhets skyld opp klokka 0630, berre for å væra heilt sikker.
Sten var litt tilbakeholden med å starta badet 1 minutt før korrekt tid, men Jorunn
var allerede i burkaen og på firsprang ut mot neset og badetrappa.
Fina veret denne morgonen.
Me ser regnbygene gå både i sør og i nord, men hos oss “skin” sola.
Opphald i alle fall.
Me ser bak oss idet me vandrar utover og.. jo.. det kjem fleire.
Idag vert me 8 badarar i sjøen.
17 grader i overflata, men me kjenner til vår undring at det er kanskje eit par grader varmare berre meteren lengre ned.
Når me plasserer beina i taren kjenner ein at det varmar.
Heilt underleg!
Og godt!!
Dag sender bilde av badegjengen.
Ny badar frå København og Danmark , Marianne, er heilårsbadar og vart obs på oss gjennom
oppslaget på døra. Velkommen i gjengen!
God drøs og kaffislaberas før me vender nasen mot jobb og ymist anna.
Me badast!
Svein Egil