Okej, så måtte det skje..

Onsdag og samling alt på parkeringsplassen ved Godalen vgs.

Fint driv ned mot Godalen, der me skimtar både badefolk og svaner.

Flott syn med stille vatn og ein fin himmelvelving.

Det nærmar seg soloppgangsbad.
Idag stod sola opp kl. 06:38, så neste onsdag..

Men då me rundar naustet er det klart at det har vore ubudne gjester i naustet.

Ikkje så mykje var borte, men temperaturmålaren var borte vekk..

Trist at det skal vera så kjekt å bryta seg inn til vårt “lønnkammer”.

Tilmed svaneparet var ille til mote for slikt.

Men bading er i fokus og med ramlar vidare.

Idag heile 12 badarar og 15,9 grader i vatnet. (Fann fram den gamle temp.målaren).

Det går jamt mot kaldare bad, men enno er det fin temperatur.

Sola gjorde sitt til at det var godt å sitje ute.


Eine enden og..
andre enden.

Kaffien smakte og brått var matboksen tom.

På tide å venda nasen mot jobb og kvardag.

Idag tok eg meg ein tur på handel og drog ned til Godalen etter middag.
(Beklagar Niels, men klarte ikkje å halde meg).


Seileregatta på fjorden og mange badande utover kvelden.

Då vart det vøling og reparasjon av naustdører og slåe, samt

maling.. Så er det gjort og ingen ser syner på å gå inn igjen.

Forhåpentligsvis..

Ha ein fin kveld!

Me badast!

smileySvein Egil