Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Vårreint!

Lørdagsbad Posted on Sun, March 20, 2011 11:01

Jess!

Endeleg vår!

.. tenkte Niels, og spredte det glade budskap!

Er det slutt på vinterbadinga alt nå?

Det kjennes slik ut!

Den glade gjeng som samla seg ved miljøstasjonen var tydeleg prega av godværet og

gleden av å tenka på at nå skulle det ryddast i Godalen og i naustet!

Eg samla med det som var av river, kostar og spade og tok dette med til stranda.

Sola varma faktisk, så det var godt å finna seg benkeplass i sola.

Gjengen gjekk rett til oppgåva. Rydda ut frå naustet og ta eit tak i stranda.

Det var mye av alt.

Men jaggu fekk me rydda vekk!

Også inne…

blei det ryddigt. Litt gjenstår, men grovarbeidet er gjort!

Badet kom idag som ei belønning for arbeidsøkta!

3 grader i sjøen og heiler 12 i sola!

Niels revurderte sine mentale målingar og klargjorde at det framleis var ei stund til vårlege sjøtemperaturar..

Ei vending mot vår og sommar, heiilt klart, sjølv om det låg snø på markene

dagen før.

Og NIS holdt ord, Kl.1300 kom lastebilen og henta rapen.

Tomt!

Då er me klare for resten av dagen!

Ha ein fin fullmånedag!

PS! Nokre bilder som eg tok med mobilen tidlegare på dagen..

🙂 Svein Egil…



Vår i lufta

Onsdagsbad Posted on Wed, March 16, 2011 16:30

God vårstemning då me vandra frå parkeringsplassen, sjøl

med ein svak austelege vind..

Ser litt kjøleg ut her, men hadde stillt inn mobilen feil (fann ikkje ixus’en i farten).

Stemningen var høg då me kom ner.

Astri, Gry, Ina og Sten var alt på plass, og Susanne kom etter kvart (slik er det med dei som bur nærmast).

Dette er etter badet, då me var altfor travle med å komma i sjøen.

Sola skein og varma faktisk idag, men det var berre 3% i sjøen og 4 på land ( i skuggen).

Idag får svaret til Astri sin mor stå igjen, då ho fekk spørsmålet om koffor ho var så sprek i høg alder: ” Jeg slutter aldri med noen ting”.

Ha ein flott dag!

Da ses vi lørdag!

Ryddedugnad etter badet og fullmånebad om kvelden.smiley

🙂 Svein Egil



Marsbad og RA-oppslag

Lørdagsbad Posted on Sat, March 12, 2011 12:59

Vinterferie og vår i lufta!

Innimellom snøbygene.

Familien har vore i Røldal denne vinterferien.
Masse snø og varierande ver, men godt skiføre og flotte dagar samla sett.

Då er det ver til å laga badeenglar i snøen!

RA var i stranda og laga flott oppslag i avisa mandag.
Her er lenka: RA

Onsdag fekk me denne meldinga frå Gry:

Vinterferie, morgenlyst, fuglekvitter, en enslig bader og mange ender i sjøen.
2,8 i sjøen ogomtrent det samme på land. Ha en god dag! Gry!

( Mange ender i sjøen kan jo tolkast på meir enn ein måte, men me går utifrå at det ikkje
var badarar…)

Denne laurdagen var det samling med Varden: 7 tok runden og i pølsesvingen var det så glatt at Torhild og Else akte ned på baken. (To ender i bakken)

Helge Dagfinn kom litt etter, men hadde også fått problemer ned bakken.

Med andre ord glatt føre, men blikkstille og sol!

Vårstemning.

Elisabeth var på plass då me kom til Godalen og me kom fort i sjøen.

3,3 grader i vannet og 8,4 på land. Sola varma, og det var god kaffi og låg- og høgkalori bakverk servert rundt bordet.

Tydeleg at sola varma, for i sørhellingane vart det fort snølaust..
Eksempel på fersk høgkalorivare..direkte frå Romsøes i Bekkefaret!

Me tok ein kikk på interiøret og er eninge om ein liten dugnadsrunde den 19.mars etter
badet.

Lørdag den 19. er det fullmåne, og me legg opp til eit fullmånebad kl. 2230 denne kvelden.
Fullmånen denne kvelden er sjeldan vare, då månen er svært nær jorda. Bli med!

Vegen vidare var med glatte partier.

Ein liten stopp i vika mellom Godalen og Ramsvik. Bildet syner potensialet om ein rydder litt skog. Ein flott solplass.

Ha ei fortsatt flott helg!

Ses på onsdag?

🙂 Svein Egil



Lordagsbad i tøver

Lørdagsbad Posted on Sat, February 26, 2011 19:09

Hei igjen!

Fleire av badegjengen var på dugnadstur til Mandal, men ka gjer vel det..

Godt oppmøte ved miljøstasjonen og turen kunne starte.

Endeleg eit laurdagsbad utan broddar…

Det var fint opphaldsver og rolege vindforhold då me tok turen rundt med Hillevågsvatnet.


og snart låg Godalen i sikte..

Det var berre å samla litt benker og benka seg, så var alt i gong..

Todeling i badegjengen også denne dagen. Tilskuar i den lågare aldersgruppa
var litt øvegidde og lurte på om det var bading nå?

Kom litt seint te å få med desse badenymfene i sjøen, men det var godlyd å høyre..

Me kunne melde om 2,1 grader i sjøen og heile 7 grader på land.
Mao. stor forskjell frå onsdag.


Så var det kler på!
Torhild kunne demonstrera nye klede, nesten som lauken, lag på lag.

God stemning rundt bordet og gode slåser!!
Gry i sitt nye arbeidsantrekk idet ho ringer Lyse og ber om at de sjekker ut en strømkabel som har ramla ned. Den låg på bakken, men heldigvis utan strøm sidan lyset ikke var slått på. Lyse kom med ein montør og tok tak i dette umiddelbart.

Ellers fekk med skifta lås i døra og kunne gje Gry oppdrag med å kopiera nøkkelsett til både NIS, Park og Brodd. Endeleg på plass.
No gjer me klar til ryddedugnad, men først litt vinterferie.

Me sjåast onsdag!

Ha ei flott helg!

🙂 Svein Egil



Kaldastø

Onsdagsbad Posted on Thu, February 24, 2011 15:45

Gudd mårning..

God bles frå syd-ost skremmer ikkje heilårsbadarar som vil i sjøen!

Denne onsdagen var det både kaldt og blåsigt, men månen kunne me skimta i ne, omtrent rett i sør..

Men i le bak nova kunne me hiva av oss klede og ta retning sjøen..

Som sagt så gjort..

Det va kaldt!

Meldinga til lokalen idag blei: 1,8 i sjøen og minus 4,5 på land. Flott horisont og snart soloppgang..

Det er det kaldaste me har målt denne sesongen!!

Astrid prøver å fanga månemannen!

Klenå kom fort på (god rutine) og me kunne konsentrera oss om frukosten…

Utruleg kor fort det lysna og gryr av dag!

Ha ein flotte dag!

Me ses til helga!

🙂 Svein Egil



Kaldsjøbad

Lørdagsbad Posted on Sun, February 20, 2011 14:27

God dagen!

Fullmåne dagen før og fiina veret denne laurdagsmorgonen då me
møtte dei første med plastpose i Nymansveien.

Godt oppmøte før turen langsmed sjøen starta.

Astrid hadde med roser til turgjengen som hadde vore med å skoga heime hos henne på Tasta.
Det hadde vore mange som kom med positive tilbakemeldingar til dugnadsgjengen frå Storhaug.
Godt jobba guttar!


Svak sydaustleg vind og eit flott badever, med eit landskap i snøskrud.

Idag kom også fotografen som tok kontakt før jul.
Alf Ove Hansen har lagt opp til å dokumentera Stavanger gjennom eitt år.
Eit bilde skal fortelja om ei hending denne dagen i året, og for 19.februar 2011 kan det vera
gjengen i Godalen sjøbadarforening som dukkar opp, bokstaveleg talt.

Idag var det ein heile bøling som skvatt uti.

Nokre i stranda og andre i trappene ved stupebrettet.

2 grader kunne me melda til Lokalen og 0 på land. 14 badarar i sjøen og god stemning både
i sjø og på land. Det er det kaldaste som er målt denne sesongen.

Foreldra til Ole var også med på dagens bad, men då som gode støttespelarar.

Fin tur vidare etter badet, og rett i sekreteriatet for Brodd sitt damelag, som slo
Havørn 17-16.

Heia Brodd!

Ha ei flott helg!

🙂 Svein Egil



Blæstarbad

Onsdagsbad Posted on Wed, February 16, 2011 15:21

Guddagen igjen!

Masse vind og kuldegrader stoppar ingen sjøbadar.

Kolonnekjøring opp til Godalen, der Gry alt var skremt ut, dvs.

alt på plass då me kom snoflande ned.

Astrid kom også, så me hadde akkurat nok plass til

alle under takufså.

Litt kjølig trekk også for fotograføren

men me tok oss godt inn.

Melding i dag: 2,6 i sjøen og minus 1,9 på land. 6 badarar i sjøen.

Godt med litt Qigong-øving for å få opp varmen i dei ytre ektremitetane idag.

Kalde vind, men du så godt det gjorde.

Dagen er igang!

🙂 Svein Egil



Laugardagsbad

Lørdagsbad Posted on Sun, February 13, 2011 12:40

Hallaisen!

Lørdag 12. februar
Årets 43. dag, uke 6
322 dager igjen av 2011

.. og 1.lørdagsbad i februar 2011.

Godt oppmøte ved miljøstasjonen og mange med på turen langsmed sjøen.
Is på vatnet i Hillevåg meldte om kjølige grader i sjøen denne morgonen.

Me kunne fort styra mot langbordet, då det låg på solsida og hadde plass til fleire
badegjester.

Dette var som bestillt: Sol og blikkstille sjø. Slik me vil det skal vera til laugardagsbadet.

Her var det berre å få slita av seg kleda og få på seg badety..

Her vart det eit skille.
Nokre gjekk til stranda og andre til trappa og stupebrettet.

Flott å kunne velga mellom seigpining og sjokk..

Blank sjø og glitrande sol, midt i februar.

Meldinga til Lokalen vart: 2,4 gradaer i sjøen og 4 på land. Nydeleg sol og slush i sjøen.

Marianne hadde gebursdag idag og vart behørig gratulert og alle stemde i
bursdagssangen…

Som vanleg stor stemning rundt langbordet og frukost med kaffi og gode smaker..

Ha ei flott helg!

NB! Snart nymåne!

(18.februar)

Og Sten sende denne lenka til hans Jelsabilder.

🙂 Svein Egil



Bad i skumringa

Onsdagsbad Posted on Thu, February 10, 2011 16:15

Onsdag igjen!

Kaldegrader i lufta og is på bilrutå….

Ka bler dette?

Jorunn for nerøve veien mot Godalsstranda på friske badebein, med cloggs..

Ho bråstoppa då eg nevnte at det var svinglatt, sjølv for dei med stor motivasjon!

Ho meinte at eg var redd for at lykta ho holdt ville gå i knas om ho deisa i bakken, og det er jo sant!

Men mørkt var det!

Me skimta så vidt Sten og Ina ved bua, og då me var komne ned høyrde me alle at

Gry var på veg, men det viste seg å vera Astrid på mobil.

Kjølige grader meldt til Lokalen:

2,8 i sjøen og minus 1 på land. Nydelig rød horisont og varm kaffi på termos.

Lampa i gang og sjekk kor fort det lysnar…

5 badarar ein onsdagsmorgon er godt lag, så ein god start på dagen for oss alle.

Ingen nøkkel på plass endå, men noko er på gang………

Ha ein fin dag!

🙂 Svein Egil



Jelsabad

Ekskursjoner Posted on Thu, February 10, 2011 15:20

Hei sjøbadarar!

Årets ekskursjon gjekk til Jelsa i Ryfylke.

13 badehungrige stillte i kø på Fiskepiren lørdag 5.februar og
var klare for tur inn fjorden.

Mottakskomiteen, Jorunn og Svein Egil, var for så vidt klare til mottaket, men såg ikkje båten som kom (min feil), så det var litt spreiing i gjengen då me dukka opp.

Men med alle på plass, både i Klungtveit-huset og på Klunghaug, var vegen kort ned til Noresjøen og bad.

Øystein Haga var tilstede for Suldalsposten og tok billeder.

Eit forfriskande bad ( 2,3 i sjøen og 1,9 på land) i delvis sludd, som etter kvart endra seg til opphaldsver.

Heim til Klunghaug og italiensk kyllingssuppe.

Det smakte fortreffeleg, med godt brød (takk Carolyn) og romslige gryter.

Etter kvart som magane vart metta, gjorde me oss klare til ei lita Jelsavandring.
Avtale med Øystein om omvisning i Jelsakyrkja.

Jelsakyrkja er ei gammal kyrkje, med særmerkt stil og historie.
Spennande å høyra historiar frå den tida då prestane hadde stor makt og makta vart brukt. Marcus prest hadde satt sine spor og sette det i fleire av oss med.

Etter omvisninga gjekk me gjennom gamle Jelsa sentrum (Bjergsted og skulemuseet) og opp til verkstaden til Øystein.

Her vart det omvisning og demonstrasjonar, og ikkje minst spel på occarin (eit gamalt leirblåseinstrument frå Sør-Amerika). Spennande.

Så heim til Klunghaug og Klunghaugsteinen med offergroper. Derifrå vidare opp Steingjerde (gammalt område der ein feira 17.mai) og ned til Utgrunn (landingsplass med omkledningshus for dei som kom roande og skulle til kyrkje). Vegen heim i blå-timen.

Raskt igang med førebuingar til kveldstapas og fest.
Kjempegodt fellesbord med ulike rettar og god drikke.

Helge Dagfinn stemde gitaren og hadde førebudd seg godt med mange tekstkopier. Stemningsfulle tonar frå Sørlandet satte gjengen i godt humør.

Etter ei rolig natt var det klart for nytt bad kl. 10. søndag morgon

Ikkej fullt så kaldt idag, 2,8 grader i sjøen.

Heim til ein betre frukost, med bacon og speilegg og masse godt tilbehør, slik det sømer seg ein sjøbadar. Alle bidrog til rydding og oppvask og me var klare for ein tur til skulen og nybyggarfeltet.

Så var det avreise og heimtur som stod i rest.

Takk til alle for ein kjempefin tur til perlå i Ryfylke- Jelsa..

I ettertid har Carolyn sjekka litt på biblioteket og melder:

Hei Svein Egil og Jorunn,

Takk for en fantastisk og opplevelsesrik helg på Jelsa! Minne for livet!!

Her er det Øystein Haga har skrevet:

Ocarin : spillebok / [Øystein] Haga. – Jelsa : Øystein Haga , [2009] – 7 s. : ill.

Jelsakyrkja og soga om Marcus og Sofie / tekst og teikning: Øystein Haga ; foto: Håkon Lislebø. – [Jelsa] : [Øystein Haga] , 2006 – 63 s. : ill.

Songar frå Jelsa [musikktrykk] / Øystein Haga og Ruth Anne Moen (red) ; utgjeve av Jelsa skule i samarbeid med Folkemusikkarkivet for Rogaland. – [Jelsa] : Jelsa skule i samarbeid med Folkemusikkarivet for Rogaland , 1992 – 48 s. : ill.

Web/Youtube:

Øystein på Youtube

Øystein på nett

Og dette er boka han snakket om:
Or soga um Jelsa-prestarne . – Stvg. : Stavanger aftenblad , 1925 – 255 s.

Legge link på bloggen?

Carolyn

Som sagt så gjort!

Gry sendte innslaget som Haga hadde sendt til Suldalsposten.

Førstesidestoff!

Ellers har eg lagt alle bildene frå turen ut på lenka som er øverst til høgre
“Billedgalleri”.

🙂 Svein Egil



« PreviousNext »