Hallais!
Ny veka og vermeldinga ser lovande ut for dei komande dagane.
Likeeins denne laurdagen!
Heldige med veret då me endar opp i Godalen med ulike startposisjonar og vegar til mål.
Etter kvart er det samla ein heil bøling av badarar som gjer seg klare til morgenbadet.
Fysst to-tre, så aukar det på..
Sviealarm, men det gjekk stort sett godt!
17.1 grader i sjøen og 14 badarar.
Øivind var ny badar i dag og godt i gang!
Det var godt å drøsa i solveggen utafor naustet og føla at sommaren heng litt igjen!
Mangt skal delast av opplevingar fra varme sommardagar!
//www.youtube.com/embed/uPziYQEquHMSå kan me berre lengta til onsdagsbad!
Me badast!
Svein Egil