Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Kongebad

Lørdagsbad Posted on Sat, May 07, 2011 13:03

Ja.. meir i retning av dei russetradisjonane som er.

Men no i Godalen for dei meir tilårshaldne exrussane.

Me vil og ha knute!!

Uansett, me stiller som garantistar for dei av russen som tek eit vinterbad!

Dei kan få ein badeknute av oss!!

Dagens temp. var 12 grader i sjøen og nærmare 18 på land, stigande.

Litt vind frå aust, men lovande for helga.

Bua vert no nytta til skifte og knaggane vert pynta med badeburkaer, handkle, badetøy og sko.

8 badarar og fleire badevakter på besøk.

Sommarstemning!

Ha ei flott helg!

🙂 Svein Egil



Onsdag i mai

Onsdagsbad Posted on Sat, May 07, 2011 12:53

Onsdagsbad i mai og klar for det nye badeåret!

Fin gjeng som møttes ved bua denne morgonen.

Tempen denne morgonen var 11 grader og stigande tendens…

7 badarar er heller ikkje verst ein morgon i mai!

Gleder meg til kaldare tider der badeburkaen verkeleg vil gje ly.

God vermelding for dei som skal i konfirmasjonar til helga.

🙂 Svein Egil