Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Storsamling

Lørdagsbad Posted on Sun, March 27, 2011 15:50

Fiina veret og lørdag igjen!

Klare til bad på ein morgon med sol og blikkstille.

Kaldt, men ein kjenner at sola varmar!

Samling ved Varden med fleire på tur i andre retningar denne helga.

Betlehem, London, Kristiansand, Suldal m.m. men ka gjør det?

Det er alltid nokre som badar i Godalen!!

Det blei rektigt folksomt!

Då me runda neset og såg stranda var det mange som var komne direkte!

Nokre for i sjøen i stranda og andre tok badetrappa.

Temperatur idag: 3,9 grader i sjøen og 12,7 i sola! Stor stemning med andre ord og 15 badarar i sjøen! Det var eit kjempegodt oppmøte!

Som sagt: Blikkstille og greine sommarstemninga.

Natur og idrettsservice hadde vore og renska med seg dei haugane me hadde samla

då me rydda i stranda forrige helg.

Det var likevel meir igjen å renske, så me reknar med ei ny ryddehelg i nær framtid.

Då vil me også ordna til dei store dørene slik at dei lett kan stengast og opnast.

Turen heim gjekk innom den flotte kolonihagenparsellen til Merethe og vidare til rivningstomta i Åmøygata.. Her blir det nok flott!

Ha ein flott dag og helg!

🙂 Svein Egil



Vårreint!

Lørdagsbad Posted on Sun, March 20, 2011 11:01

Jess!

Endeleg vår!

.. tenkte Niels, og spredte det glade budskap!

Er det slutt på vinterbadinga alt nå?

Det kjennes slik ut!

Den glade gjeng som samla seg ved miljøstasjonen var tydeleg prega av godværet og

gleden av å tenka på at nå skulle det ryddast i Godalen og i naustet!

Eg samla med det som var av river, kostar og spade og tok dette med til stranda.

Sola varma faktisk, så det var godt å finna seg benkeplass i sola.

Gjengen gjekk rett til oppgåva. Rydda ut frå naustet og ta eit tak i stranda.

Det var mye av alt.

Men jaggu fekk me rydda vekk!

Også inne…

blei det ryddigt. Litt gjenstår, men grovarbeidet er gjort!

Badet kom idag som ei belønning for arbeidsøkta!

3 grader i sjøen og heiler 12 i sola!

Niels revurderte sine mentale målingar og klargjorde at det framleis var ei stund til vårlege sjøtemperaturar..

Ei vending mot vår og sommar, heiilt klart, sjølv om det låg snø på markene

dagen før.

Og NIS holdt ord, Kl.1300 kom lastebilen og henta rapen.

Tomt!

Då er me klare for resten av dagen!

Ha ein fin fullmånedag!

PS! Nokre bilder som eg tok med mobilen tidlegare på dagen..

🙂 Svein Egil…



Marsbad og RA-oppslag

Lørdagsbad Posted on Sat, March 12, 2011 12:59

Vinterferie og vår i lufta!

Innimellom snøbygene.

Familien har vore i Røldal denne vinterferien.
Masse snø og varierande ver, men godt skiføre og flotte dagar samla sett.

Då er det ver til å laga badeenglar i snøen!

RA var i stranda og laga flott oppslag i avisa mandag.
Her er lenka: RA

Onsdag fekk me denne meldinga frå Gry:

Vinterferie, morgenlyst, fuglekvitter, en enslig bader og mange ender i sjøen.
2,8 i sjøen ogomtrent det samme på land. Ha en god dag! Gry!

( Mange ender i sjøen kan jo tolkast på meir enn ein måte, men me går utifrå at det ikkje
var badarar…)

Denne laurdagen var det samling med Varden: 7 tok runden og i pølsesvingen var det så glatt at Torhild og Else akte ned på baken. (To ender i bakken)

Helge Dagfinn kom litt etter, men hadde også fått problemer ned bakken.

Med andre ord glatt føre, men blikkstille og sol!

Vårstemning.

Elisabeth var på plass då me kom til Godalen og me kom fort i sjøen.

3,3 grader i vannet og 8,4 på land. Sola varma, og det var god kaffi og låg- og høgkalori bakverk servert rundt bordet.

Tydeleg at sola varma, for i sørhellingane vart det fort snølaust..
Eksempel på fersk høgkalorivare..direkte frå Romsøes i Bekkefaret!

Me tok ein kikk på interiøret og er eninge om ein liten dugnadsrunde den 19.mars etter
badet.

Lørdag den 19. er det fullmåne, og me legg opp til eit fullmånebad kl. 2230 denne kvelden.
Fullmånen denne kvelden er sjeldan vare, då månen er svært nær jorda. Bli med!

Vegen vidare var med glatte partier.

Ein liten stopp i vika mellom Godalen og Ramsvik. Bildet syner potensialet om ein rydder litt skog. Ein flott solplass.

Ha ei fortsatt flott helg!

Ses på onsdag?

🙂 Svein Egil



Lordagsbad i tøver

Lørdagsbad Posted on Sat, February 26, 2011 19:09

Hei igjen!

Fleire av badegjengen var på dugnadstur til Mandal, men ka gjer vel det..

Godt oppmøte ved miljøstasjonen og turen kunne starte.

Endeleg eit laurdagsbad utan broddar…

Det var fint opphaldsver og rolege vindforhold då me tok turen rundt med Hillevågsvatnet.


og snart låg Godalen i sikte..

Det var berre å samla litt benker og benka seg, så var alt i gong..

Todeling i badegjengen også denne dagen. Tilskuar i den lågare aldersgruppa
var litt øvegidde og lurte på om det var bading nå?

Kom litt seint te å få med desse badenymfene i sjøen, men det var godlyd å høyre..

Me kunne melde om 2,1 grader i sjøen og heile 7 grader på land.
Mao. stor forskjell frå onsdag.


Så var det kler på!
Torhild kunne demonstrera nye klede, nesten som lauken, lag på lag.

God stemning rundt bordet og gode slåser!!
Gry i sitt nye arbeidsantrekk idet ho ringer Lyse og ber om at de sjekker ut en strømkabel som har ramla ned. Den låg på bakken, men heldigvis utan strøm sidan lyset ikke var slått på. Lyse kom med ein montør og tok tak i dette umiddelbart.

Ellers fekk med skifta lås i døra og kunne gje Gry oppdrag med å kopiera nøkkelsett til både NIS, Park og Brodd. Endeleg på plass.
No gjer me klar til ryddedugnad, men først litt vinterferie.

Me sjåast onsdag!

Ha ei flott helg!

🙂 Svein Egil



Kaldsjøbad

Lørdagsbad Posted on Sun, February 20, 2011 14:27

God dagen!

Fullmåne dagen før og fiina veret denne laurdagsmorgonen då me
møtte dei første med plastpose i Nymansveien.

Godt oppmøte før turen langsmed sjøen starta.

Astrid hadde med roser til turgjengen som hadde vore med å skoga heime hos henne på Tasta.
Det hadde vore mange som kom med positive tilbakemeldingar til dugnadsgjengen frå Storhaug.
Godt jobba guttar!


Svak sydaustleg vind og eit flott badever, med eit landskap i snøskrud.

Idag kom også fotografen som tok kontakt før jul.
Alf Ove Hansen har lagt opp til å dokumentera Stavanger gjennom eitt år.
Eit bilde skal fortelja om ei hending denne dagen i året, og for 19.februar 2011 kan det vera
gjengen i Godalen sjøbadarforening som dukkar opp, bokstaveleg talt.

Idag var det ein heile bøling som skvatt uti.

Nokre i stranda og andre i trappene ved stupebrettet.

2 grader kunne me melda til Lokalen og 0 på land. 14 badarar i sjøen og god stemning både
i sjø og på land. Det er det kaldaste som er målt denne sesongen.

Foreldra til Ole var også med på dagens bad, men då som gode støttespelarar.

Fin tur vidare etter badet, og rett i sekreteriatet for Brodd sitt damelag, som slo
Havørn 17-16.

Heia Brodd!

Ha ei flott helg!

🙂 Svein Egil



Laugardagsbad

Lørdagsbad Posted on Sun, February 13, 2011 12:40

Hallaisen!

Lørdag 12. februar
Årets 43. dag, uke 6
322 dager igjen av 2011

.. og 1.lørdagsbad i februar 2011.

Godt oppmøte ved miljøstasjonen og mange med på turen langsmed sjøen.
Is på vatnet i Hillevåg meldte om kjølige grader i sjøen denne morgonen.

Me kunne fort styra mot langbordet, då det låg på solsida og hadde plass til fleire
badegjester.

Dette var som bestillt: Sol og blikkstille sjø. Slik me vil det skal vera til laugardagsbadet.

Her var det berre å få slita av seg kleda og få på seg badety..

Her vart det eit skille.
Nokre gjekk til stranda og andre til trappa og stupebrettet.

Flott å kunne velga mellom seigpining og sjokk..

Blank sjø og glitrande sol, midt i februar.

Meldinga til Lokalen vart: 2,4 gradaer i sjøen og 4 på land. Nydeleg sol og slush i sjøen.

Marianne hadde gebursdag idag og vart behørig gratulert og alle stemde i
bursdagssangen…

Som vanleg stor stemning rundt langbordet og frukost med kaffi og gode smaker..

Ha ei flott helg!

NB! Snart nymåne!

(18.februar)

Og Sten sende denne lenka til hans Jelsabilder.

🙂 Svein Egil



Sheng Zhen Qigong-bad

Lørdagsbad Posted on Sat, January 29, 2011 12:50

Nei, bare tulla!

Regnbyger varsla ein våt tur denne morgonen, men alt klarna for oss

sjøbadarar.

Solgløtt og opphald møtte oss då me samlast ved miljøstasjonen og tok turen rundt mot Godalen.

Samling rundt langbordet for ein felles av(k)ledningsmanøver.

Mange ulike prosedyrer i bruk.

Det viser igjen i svært forskjellig tidsbruk.

Ulike situasjoner. Avkledning, venting, på veg i sjøen og på veg opp.

På veg i, med måleapparatet plassert i sjøen.

Sol og blikkstille. Slik vil me ha det!

Melding til lokalen: 3 i sjøen, 8,9 på land og 11 badarar i det våte element.

Blikkstille og solblank sjø.

Varme i kroppen og kaffi i kroppen. Det gjer godt.

God drøs rundt langbordet som vanleg. Jelsaturen vart diskutert. Avreise kl. 1030 og retur 1505 søndag. Husk å bestilla retur ved avreise. Kjempegjeng på reis.. Meir info kjem til ein mobil nær deg!

Sheng Zhen Qigong’en kom til slutt, med litt varmeøvelsar.

Ha ei fantastisk helg

🙂 Svein Egil



Lørdagsbad i Stilla

Lørdagsbad Posted on Sun, January 23, 2011 20:54

Blikkstille!

Slik var denne lørdagens bad.

Samling ved Varden med 5 stk, og ei fin vandring fram te vårt sedvanlige mål..

Nesten 50% danskevelde,men bare nesten. Susanne er i Stavanger denne uken og

Anette og Jens sjekker badeforholda.

Ulike klesplagg. Else har tjuvlånt av Sten..

Ole er i sterk framdrift og tok tak ut i havet..

Sammen med Niels.

Ein fin gjeng.

7 badarar i sjøen

Temp. 2,9 grader og 1 på land.

Svaneparet var også innom for å sjekka ut forholda.

Ha ei fin helg!

🙂 Svein Egil



« Previous