Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Helgabad

Heilårsbad Posted on Mon, September 28, 2009 20:04

Gode sjøbadar!

Denne helga vart det god spredning i badeøkta!

Lørdagen var det 3 badarar i aksjon. Rasmus stillte frå Danmark. Opp med ferja natt til lørdag, bad og heim om kvelden. Nå var det ikkje berre badet Rasmus kom for, men ligavel..
Godt jobba Rasmus.

Carloyn og Jorunn var og på plass og tempen låg kring 15 grader. Blikkstille på sjøen, og blide badarar kom innom Vardendagen og vakte åtgaum.

Søndagen var det ikkje like godt vær, men 5 badarar i sjøen igjen. Carolyn for andre gong denne helga! Klokka var 11 då me hoppa i sjøen, og Godalen var godt besøkt av turgåarar og barnefamiliar!

Badetemperaturen vart målt til 15,2 i sjøen og 14,5 på land.

Kaffedrøsen ittepå var like god som vanleg!

Niels sender SMS om saunabad am Tegernsee på veg opp til 2900 meter o.h.

Sjåast onsdag morgon kl. 0700!!

🙂 Svein Egil



Onsdagsbaderne melder..

Heilårsbad Posted on Wed, September 23, 2009 11:12

Hallaisen igjen!

God stemning i morges igjen.

Været veksla jevnt og trutt mellom opphold, yr, pøsregn og “solgløtt”.

I dag som “the boss” fyller 60 år!

Vel , her i Godalen var det berre me som bossa..

Som de ser så er det nå ny dør inn til bua, men nøklane er også fornya, så

her må det til ein ny runde på tilgang.

Idag kunne me melde 14,3 i sjøen og 11,2 på land.

Lørdag er 3 badarar opptatt med Vardendag og korps, men me har avtalt at me då stiller

søndag kl. 11.00. Ha eit godt lørdagsbad!!

🙂 Svein Egil



Kapittelbad

Heilårsbad Posted on Sat, September 19, 2009 14:04

Kjære sjøbadar!

Flotta veret og beine vegen!

Samling som sedvanleg ved Varden!
Idag var det flott å spasera langsmed turstien og sjå på haustfargane.
Grønt, brunt, rødt, gult, oransje…. Eit flott spel som gjer godt å få med seg
på vegen mot sjøbad og helg!

7 badarar var på plass og uti!
Idag var det knust glass ved stupebrettet og trappa, så det vart ein del plukking!
Synd at ein ikkje plukkar opp etter seg om ein er uheldig.

Trappa ute ved neset er ikkje på plass, så det vart å hoppa uti over haugen!

Samtlige fulgte slagordet: “Ein gong te!!” .. og hoppa uti igjen!
15,2 grader målt i sjøen og 17 grader på land,

Sola stråla då me kom opp og etter kvart sette oss ned ved borda og delte det me
hadde med oss.

Idag vert det ein tur på Kapittel 09!

Mye spennande på programmet!

Ha ein flott dag!

🙂 Svein Egil



Onsdagsbad igjen..

Heilårsbad Posted on Wed, September 16, 2009 16:12

God dagen kjære badar!!

Oppmøte i dag morges var litt under pari.

3 morgenbadarar bytta klede og hoppa i sjøen kl.0700.

Me registrerar at stupebrett og trapp er fjerna nok ein gong.

Det er synd at me ikkje klarer å få fram budskapet til Park og idrett om

at det pågår bading heile året her i Godalen, og det må ein støtta!!

Idag var det 15,3 grader i sjøen og 12,5 på land.

Med andre ord varmare i sjøen…

Ha ein fortreffelege dag!

🙂 Svein Egil



Oppdatering av bilder fram til idag

Heilårsbad Posted on Thu, September 10, 2009 22:26

Stemningsbilder fra oppstarten av vinterbadesesongen.

Me e i gang!

Temperaturen har variert rundt 15-16 grader dei siste vekene.

No vert det målingar kvar onsdag og laurdag!!

Ha ei flott helg!

🙂 Svein Egil



Ny side!!

Heilårsbad Posted on Wed, September 09, 2009 13:47

Hei gode venner!

Nå gravlegges den gamle bloggen og ny oppstår fra intet….

Legger ved noen “ferske” bilder fra årets augustbad, så ser vi fremover mot en

flott høst for oss helårsbadere.

Spre det glade budskap om ny blogg og skriv gjerne inn kommentar!

🙂 Svein Egil



« Previous