Hei igjen sjøbadar!

No er det på tide å skrive nokre ord!

Sist lørdag, den 20.mars, vårjevndøgnet, var det 7 grader i Godalen og 7 badarar på

gang. Ein klar tendens til vår i både luft og vatn.

Snøen er nå borte vekk, og me skimtar den berre så vidt i syningom.

Helene A. var innom for å skriva eit skuleprosjekt om badegruppa, så det vert spanande å sjå.

No på onsdag, den 24.mars var me berre to badarar.

Ein stille og fin morgon, med nokre få joggarar i forbisteget og endå meir vår i lufta.

Me kunne melda til Lokalen:

Godale sjøbaderforening har 6,8 grader i sjøen og 7 på land. Vårstemning.

No går me mot påskeveka og gode fridagar, men det spørs om det blir langt å leita etter påskesnøen i fjellet. Kanskje meir ein påske langsmed sjø og svaberg?!!

Ha ei god påske og kanskje me sjåast lørdag førstkommande..

🙂 Svein Egil