Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Mørkebad

Onsdagsbad Posted on Sat, October 12, 2013 09:41

Hallaien!

Litt sein tilbakemelding frå onsdagsbadet, men travle dagar fram mot helg.

Onsdag føltest det ekstra mørkt då me vandra mot stranda.

Me er etter kvart så synkroniserte at dei fleste møttest på parkeringsplassen.


Været var bra og me var raske i sjøen.
Nokre i nord ved stupebrettet og andre i stranda.

Ungdomsfylkingen var nesten fulltallig, noko me setter svært pris på.

13,4 grader i sjøen og 10 sjøbadarar ein haustmorgon syner gode tendensar mot vinterbada.

Etter badet er det å benka seg rundt bordet og dela opplevelsar, gode historiar og anna til
å diskutera.


Så går det mot dag! Når lyset først har bestemt seg til å komma, så skjer det fort.

Ha ei fin helg!

Me badast!

smileySvein Egil



Bad-and-breakfast-bad

Onsdagsbad Posted on Wed, October 02, 2013 18:15

Morn du!

Fiina veret!

Flott å komma gåande nedover vegen og sjå dei flotte fargane som er på veg..
Blått, gult, grønt mot svart..

Skuggar som rører seg og fortel at her er det andre sjøbadarar som er i forvegen..

Som for eksempel Sten!

Og vips er dei uti, både her og både der..

Stranda for nokre ( for det er bestemt..)

og stupebrettet for dei meir opprørske.. medan badebøyene er henta opp på land og syner seg
i siluett mot himmelranda!

Andre flyt trygt i stranda og satsar på at det går mot varmare tider..
13,2 grader denne morgonen.

Etter badet samlast dei ulike fraksjonane for å..

..”ta seg av”.

Og byter fotograf, så alle får ver med..

10 onsdagsbadarar samla til “Bad & Breakfast”!

Drøset går i ulike retningar og ikkje minst at det stundar mot Lyngør-tur.

Gry sender melding og er på leit etter badedrakt og badeburka, men det var ikkje

denne!

Og me gratulerer Gry med 18års dag i heimen!

Då badast me!

smileySvein Egil



Diamantringbad

Onsdagsbad Posted on Wed, September 25, 2013 16:16

Gudday!

Trangt om plassen i dag då me landa på parkeringsplassen.

11 sjøbadarar kjempa om å komma seg på plass, og i farten nedover mot Godalen forsvann ein diamantring.

Men bading fysst!

Dagen gryr og..

det same gjer Dag! og Gunnar!
Tidleg ute..

Og det lyssnar fort!
Litt skvulping i bylgjene, så e det lyse morgonen på ein.. to.. tre!

14,5 grader i sjøen denne morgonen og kaldare på land.

Dei siste badarane er på veg mot naustet og frukost i det fri.

Langbord og lett stemning i benkeradene.. men litt uro for om ein finn ringen..
” My precious…”

Og sjå, ringen vart funnen!

Og dagen redda!

Ha ein fortreffeleg dag!

Me badast!

smileySvein Egil



DusjregnMorgenbad

Onsdagsbad Posted on Wed, September 18, 2013 16:05

Hallaien!

I dag var det synkronparkering på veg til Godalen.

5 bilar svingde seg opp etter at me tøft hadde uttalt at..

“her var det tomt!”.

11 sjøbadar dukka opp og hoppa uti denne morgonen.

At det var soloppgang kl. 0718 denne dagen var det knapt muleg å sjå.

Sjøen var 14,6 grader og det var 12,3 grader i lufta.

No er sjøen varmare enn lufta..

Herlegt bad og på med badeburkaen som no er på plass i bua.

Eg la frå meg mobilen i bilen i dag, så Sten “tok oss av” med sin mobil.

Me sette oss ut etter badet ( det roa seg med dusjregnet), og diskusjonane vandra frå det nære til det meir fjerne. Ettervalgsriene er enno ikkje over.

Ha ein god dag!

Me badast!

smileySvein Egil



Sjø-og-land-i-vater-bad

Onsdagsbad Posted on Wed, September 11, 2013 16:24

Hallaien!

Endeleg onsdag og tid for bad!

Sjekka kalenderen før eg gjekk denne morgonen, og soloppgang var kl.0703.

Jess, klart for eit soloppgangsbad!!!

Men overskya då me steig ut.

Okej då, opphald, god temperatur og stille.

Dette blir bra.

På veg ned og kjenningar i sikte..

Skiftar ute i dag og ser at me etter kvart representerar ei fin samling ulike badesko,


Alt etter ønske og behov. Dette er heilårsvariantane som gjer at du held på varmen gjennom vinterbada!!

Men me tar turen mot stupebrett og trapp, 8 badarar går mot soloppgangen.. og…

så skjer det som me ventar på, sola stig og me kan bada oss i solskinn frå ei morgonfrisk sol..


15,2 grader i sjø og luft!

Eit bad i vater!

Treng ikkje seia meir!

Ha ein god dag!

Me badast!

smileySvein Egil



Mannabad?

Onsdagsbad Posted on Thu, August 29, 2013 16:27

Det begynnte på ein måte litt uvant…

Onsdag morgen og litt grått, men ligavel godt!

Rutinen va klar..

stå opp, mala kaffien ( ikkje på veggen) og setta på kokaren, laga niste,
lesa SA og hørra på Lokalen. Fram med badety og klargjering te avreis.

Framme i Godalen og vegen ner til stranda..


Ein greie dag og folk å sjå..

men.. berre mannfolk?

Me stod litt forundra og såg på kvarandre.

Litt uvant dette!

Gry hadde meldt gyldig frafall og ka med resten?

Nei, det blei nok eit mannebad!


Ingen fare!

Fysst Kristin på klåre bein, så Carolyn på stive hjul!

Manna frå himmelen!!

Og knapt ei svie å sjå.


Prøvde meg her på eit snapshot av Gunnar sitt Bananhopp, men du kan sjøl sjå kor snapt det var!

16,3 grader denne morgonen og ..

.. på land!

God og lystig prat i ein ditto gjeng, som knapt kunne tenka seg å gå vidare..

men det gjorde me!

Ha ei flott veke!

Me badast!

smileySvein Egil



Bananhoppbad

Onsdagsbad Posted on Wed, August 21, 2013 15:52

God onsdag!

Javel…….

Godt oppmøte med 11 sjøbadere denne onsdagsmorgonen!

Utrulege gjeng som berre smiler og ler… når ein ser stort på det!

Og det skal ein ein onsdags morgon!

Badpeople allereie på plass når eg kjem rullande nedover stien.

Før ein får snudd seg er eit par alt i vatnet, men dei kjem fort over til trappa.
Lågvatn og mykje skrot i sjøen.
Men lite svier.

16 grader varmt og godt å vakna til ein ny dag!

Og sola på plass..

Tydeleg at gjengen no er i gang med sesongen!

Me badast til helga!

smileySvein Egil!



Sviefrittbad

Onsdagsbad Posted on Thu, August 15, 2013 15:35

Hei badfolket!

Onsdagen er historie og Wyvern er på plass!

Men onsdagsbadet er i gjenge..


i solskinn og fiiina veret!

Ja ikkje helt same tempen som det har vore den siste tida. Til det er nordavinden altfor tydeleg.

Så lenge der er sol er der varme. Og seinsommaren byr litt på seg sjølv denne onsdagsmorgonen.

Me tek turen til badetrappa og sjekkar.

Ingen svier å sjå. Kristin har med seg sin niese som ofte tek turen over for eit bad.
Det er godt å leggja uti og det føles som temperaturen er absolutt der han skal vera.

16,9 grader i sjøen, og 6 badarar i sjøen..

nei vent litt, 7 badarar. Gry er på plass og finn sjølvsagt fram manetar ..
i sjøen.

Alt er komplett.

Benken har fått ein yrkesskade. Det sedvanlege skjer, og ivrige hender skuar ut og av og fjernar ein planke i setet.

Godt jobba!

Med lått og løye går tida og me må fara vidare i dagen!

Om kvelden kjem Wyvern til byen, så kanskje me sjåast der..

Me badast i alle fall!

smileySvein Egil



Badetempbad

Onsdagsbad Posted on Wed, August 07, 2013 15:02

Halloien!

Onsdagsbad igjen!

Etter ein kort periode med god vassføring og oppklårande regnskyll m/innlagt donner und blitzen var det tid for ei solfylt og stemningsfull stund i Godalen.

Me kom glidande i kolonnekjøring fram til parkeringa og såg berre blanke sjøen nere i Godalen.

To kvite svaner speilte seg i sjøen då me kom vandrande ned vegen, og Gunnar dukka opp rundt hjørna av naustet, klar for bad.

I alt 6 sjøbadarar klare for vatnet.

Turen gjekk mot badetrapp og stupebrett..


men sviene var i overtall i dag!

Då vart det full retrett og bad i stranda som eit godt alternativ, sjølv om svieradaren til
HMS-ansvarleg slo ut for fullt!

16,8 grader denne solfyllte morgonen.

Med ny tavle for badetemperaturen!

Upåklageleg stemning rundt bordet, der ferieopplevingar vart formidla med druse mål!

God vermelding for dei kommande dagane, så me legg ut på segltur med “Brødrene” og kursen vert sett mot Skudesnes og Haugesund.

Ha ei fin veke!

Me badast!

smiley Svein Egil



Helenstrandabad

Onsdagsbad Posted on Wed, July 24, 2013 21:45

//www.youtube.com/embed/S7Btoa7EHL0Bad i Helenastranda på Jelsa. Rein nedkjøling ein varm sommardag!

Uendeleg godt!

🙂 Svein Egil



« PreviousNext »