Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Mannpånabooddebad

Onsdagsbad Posted on Wed, July 17, 2013 10:26

Gudd mårning!

Ser at badefolket har ulike sommarsyssler.
Gammaldans, roser, vin, jordbær….

Andre er innom jobb og eit avvekslande bad i Godalen.

Som Astrid:

Hilsen fra Godalen kl. 0722.
Vil tippe 15 grader.
Det sitter en mann på naboodden, tilskuer,
livredder, beiler- hva vet jeg?
Derfor ikke vidløftig posing foran eget kamera.
Her er blikkstille og ca. 15 grader på land også.

Hva skal vi til Syden å gjøre?

Hils rundt!

God dag fra Astrid

Her inne på Jelsa startar dagen med blikkstille hav og lett tåka.
Har god tru på ein solrik og flott dag!

No er det nitimen og nytrekt kaffi, kokt egg…

God sommar!

smileySvein Egil!



Fjærebad

Onsdagsbad Posted on Wed, June 26, 2013 19:54

Guddagen!

Ka du trur?

Sola har snudd!

No er me igang med nytt semester og mørkare tider.

Berre for å gje litt trøyst!

Sjøl om det blei ein sein vår, så er det grønt rundt oss så det monnar.

Litt forseinka, men likavel..

Fyssta bildet er det sedvanlege, men merk deg at det er sjeldan fjære sjø.

Ikkje ofte ein kan spasere tørrskodd under brua.

Meir strand å boltra seg i og lengre å gå for å dukka seg i strandkanten.

Noko som medførte at det vart bading ved trappa i dag.

Svier i sjøen, så det var greitt at det kunne observerast frå stupebrettet. Klåre

rettleiingar. Venstre– rett fram– stopp.

13,7 grader i sjøen og 5 blide morgonbadarar som tok del i bad og diskusjonar…..

Tid for det gode liv.. ser at Italia lokkar nokre, Danmark, Spania, Austlandet..

Her vert det Ryfylke og Jelsa/Nyvoll som står i hovedprogrammet.

Kjekke tid og me gleder oss!

Astrid plukka med seg ein kvist med hylleblomst.

Eit godt tegn på at sommaren er her.

Saft, syltetøy, i pannekakerøra, vin, dram..

Smatt..

Eg må gå!

Me badast!

:-)Svein Egil



Speilbad

Onsdagsbad Posted on Wed, June 19, 2013 22:00

God kveld!!

Onsdag og bad i Godalen..

Med gårsdagens flotta ver, så var det med forventningar me klargjorde oss

for morgenbad.

Speilblank sjø og absolutt ingen svier i sikte.

Fraksjonsbading denne morgonen, med nokre i stranda, Gesine frå det nya stupebrettet og inn til trappa, og majoriteten tok trappa.

10 sjøbadarar i godt humør. Og veret var upåklageleg.

og..

badesiluettar i trappa.

14,1 grader i dag, er vel varmaste til no. Neste lørdag har sola snudd og me vender nasen

mot ein ny vinter.

Men fysst..

Speilbad!

..så med samling rundt frukostbordet. Den gode samtalen og planar for sommaren..

No vert det bading rundt omkring i den vide verda…

..og Gry sender bilder:

Allways a silver lining..

Takk Gry!

Då er me klare for resten av veka og..

me badast!

smileySvein Egil



Sunnysidebad

Onsdagsbad Posted on Wed, June 12, 2013 21:52

Morn’ du!!

Javel, okej..

det e’ blitt kveld, og regnver..

Men i dag tidleg. før sju..

var det blå himmel!

Getsine satt klar, Marianne og Dag kom ruslande, og svært uvant..

Sten kom til slutt! Sjåføroppdrag forklarte alt!

Skifte tok me ute og så uti..

Dag leda an.

13,7 grader i sjøen i dag!

Det kjennes godt med sol på kroppen når ein kjem opp, og denne morgonen var valget klart.

Lunaste plassen var langs vegges utafor naustdøra.

og i solvarmen satt det også mange kloke ord på lur…

NIS var også innom med måling av temp. ute ved det nye stupebrettet. Der vart det 14,2 grader. Plukka søppel og sjekka stranda og toaletter. Godt jobba!

Til applaus frå denne gjengen!

Ha ein fin kveld!

Me badast!

smileySvein Egil



Speilbad

Onsdagsbad Posted on Sat, June 08, 2013 21:57

Hei igjen!

Eg er i Ålesund denne onsdagen, så difor litt seint innlegg, men det kjem

tikkande.

Frå Jorunn kjem det nokre bilete:

som syner at dagen byrja svært godt..

Å speila seg i morgonsolmåla sjø er berre heilt rett!

Og svievakta er på plass….

Badetempen gløymde dei ifarta..

Så kjem Sten:

“Hadde apparatet med meg i dag – og tok noen bilder som du kan bruke i bloggen om det trengs.

Nydelig vær og stupebrettene er snart på plass. Nye fundamenter er støypt.

Badetemperaturer og info rekner eg med at fruen forsyner deg med!!

Sten”


Og sjølvsagt fulgte bileta med..

Godt å sjå at stupebrettet ute på pynten no vert restaurert.

Takk til Jorunn og Sten!

🙂 Svein Egil



Påanigjenbad

Onsdagsbad Posted on Wed, May 22, 2013 15:21

Juhu!

Onsdag og badedag!

No livnar dei hos Lundar’

no laugar dei på Lid

Den heile skapning stundar

No fram til sumars tid!

Kjent strofe?

Me held fram og møtest i Godalen

på streken 0700.

Ja, Sten er i regelen fysst, så kjem eit par tre på tida og nokre få etterslengarar.

Gjenkjenneleg motiv!!

Grønare og grønare! Kjekt å sjå i avisa at Godalen var godt befolka denne helga, både i sjø og på grasplen.

Men i sjøen i dag..

dukka desse opp. Smilande fjes som berre MÅ dukka seg ein gong til..

9,3 grader i sjøen og Paco valgte stupebrett og trapp..

Han helsar på veg opp.

Bordet er plassert ute og alt er klart..

for å løysa dei utfordringar som ein måtta ha!

At det nordiske lynnet legg opp til vinterbad og å sova heile vinteren med vindauga opp kan nok vera så, men det beste er at det skaper gode historiar å kunne videreformidla under andre himmelstrok. Berre spør Paco.

Ein flott morgon med 6 badarar i sjøen og på god veg mot juni og sommarsolverv.

Ha ein god dag!

Me badast!

smileySvein Egil



Grønskjerbad

Onsdagsbad Posted on Wed, May 15, 2013 21:47

Jo, det går mot vår!

Eg såg det i dag!

Ein kort augneblink på veg ned til Godalen..

Langt nede i synsranda såg eg blinkande vatn som trakk meg mot seg.

Lurande og lokkande.

Men eg vart var eit grønskjer i sidesynet.

Jo, det gjekk i grønt, berre sjå:

Kvitveisen er i vekst og plenane skiftar ham.

Då eg kom ner mot naustet ser eg to einslege karar..

Dei mumlar om herrebad og ser med lengsel oppover stien, eg snur meg og høyrer at noko kjem..

..og der kjem litt av “menigheten”. Eit svært motiverande syn.

og vips..

7,4 grader i sjøen og 10 onsdagsbadarar på plass!

På med badeburka og av med badety, og så er me snart på plass rundt frukostbordet.

God stemning og drøset gjekk.

Som vanleg!

Etter kvart vert det tid for å gå vidare i dagen..

Til alle.. ha ein flott 17.mai og ei sulande pinsehelg!

Me badast!

smileySvein Egil



Tåkebad

Onsdagsbad Posted on Fri, May 10, 2013 22:53

God kveld igjen!

Tar igjen litt bloggetid etter sein hjemkomst frå Avaldsnes der “Brødrene” er satt på slipp

for klargjering til årets seilasar i Ryfylkebassenget og omkringliggande herligheter.

Litt mye regn, men mye er gjort.

Onsdagsbadet vart ein flott opplevelse!

Ikkje berre på grunn av Dag, som vart sjøsett skikkeleg, men også for den flotte stemningen som vart skapt av våryre badarar i skoddebefengte omgivelsar.

At båtane kom og gjekk ut av skodda gjorde opplevinga endå betre for oss ihuga saltvatnelskarar.

Blå himmel og sol var og eit bakteppe som endra seg kontinuerlig etter som solskiva endra

posisjon.

7,8 grader i vatnet denne morgonen, og 9 badarar i sjøen.

Dette gjorde godt!

Ein fin vår til alle!

Me badast!

smileySvein Egil



1.maibad

Onsdagsbad Posted on Wed, May 01, 2013 12:00

Hei arbeidarar og sjøbadarar!

Gratla med dagen!

… og så samles vi i Godalen..

Bade vet vi at vi får..

Me er heldige som kan markera denne dagen med bad, frukost, tog og talar.

Eg startar med badet:

og som vanleg eit situasjonsbilde.

Overskya, men opphaldsver, Vind frå sør og lette bølger.

4,5 grad i lufta, og 4 ivrige sjeler står og ventar ved Naustet.

Getsine og Kristin med svigermor og svigerinne. (Snart har ho verva heile familien!!)

Kjekt å ha besøk, og Siv svingar også inn.

Rask klesbytte og uti med dei!

Ei einsleg svane fulgte med oss i badet, og me kunne konstatera 5,3 grader i sjøen idag,

Nesten 2 grader ned frå lørdag.

Men regnet held seg unna, og me kan sitja utandørs.

Flotte gjeng samla med kaffikoppane og kan fann me..

Flagget! Me kunne markera skikkeleg at dette var eit 1.maibad!

God tid til kaffidrøsen.

Men relativt kjøligt, så me runda av og satte kursen mot..

Midjord bydelshus, der Helge Dagfinn og SV Storhaug tok imot med Frukost og

for 10.gang ankom Nylund skolekorps etter å ha spilt opp til 1.maifeiring rundt i Storhaugs gater.

Alle musikantane fekk ei djupraud rose og leskande drykk før alle vart invitert inn til

frukost!

Godt spelt av kalde hender!!

Då er det helg i helga!

Me badast!

smileySvein Egil



Ryddeaksjon

Onsdagsbad Posted on Thu, April 25, 2013 07:59

God morgen!

Gårsdagens strandrydding gikk som en drøm.

Sol fekk me og.

Ikkje det heilt store oppmøte denne kvelden, men slik er det når kvardagen held tak i oss.

3 innvandra nordmenn frå nordfylket, to tyskregistrerte og ein spansktalande sjøbadar vart

totalen.

Mye tang og tare. Ei mengde Q-tips ( I bøtter og spann). Plast i ulike varantar. Glasskår og flasker, sprøyter, ved..

Men etter kvart vart sekkene fyllte og haugane låg på rad og rekke.

Så er det for Natur- og idrettservice å henta inn.

Getsine tok seg eit bad, både i strandsona og på brettsida. Medan me andre satte oss ned i sola og saug til oss dei siste solstrålene.

Sjå berre korleis natta seig på bortettert stranda..

No er det litt att å rydda, spesielt opp langsmed gjerdet der sykkelparkeringa er ( og sikkert andre stader..) Ligg sekker og ann igjen til ei lita økt lørdag.

Ha ein god dag!

Me badast!

smileySvein Egil



« PreviousNext »