Så var det laurdag igjen…
På vandring mot Varden miljøstasjon ser me to trøtte russ som
kviler seg i vegkanten.. men..
.. nei det er jo berre to sjøbadarar som gjer seg klare til oppmøte og avmarsj.
Måtte berre kvile seg litt og nyte morgonsola.
Ein ny flott dag, med sol og litt meir varme.
Ikkje det helt store frammøtet, men det er jo langhelg og 17.mai i tjømda.
Som de ser så er nå badetrapp og stupebrett på plass og i bruk.
Etterpå var det kaffi og frokost, med kåring av årets badar med tilhørande champagne, eller
musserande for å vera korrekt. Gry er årets badar og vart behørig feira av oppmøtte
sjøbadarar. Ivrig til tusen, med sine gjentatte: “Nei , jeg må uti en gang til!” var ikkje juryen i tvil.
Mmmm… det smakte godt!
Melding til lokalen idag:
“11 i sjøen og 20 på land. Årets bader er kåret. Gry!
Fiina veret!”
Ha ein flott dag og ei strålande 17.mai!
🙂 Sein Egil
PS! Her er lenka til den italienske restauranten i Berlin