Ho-ho….

Snart jul i heimen, og sjå.. der kjem det ein gjeng tuslande..

Veret kunne vore betre, med sulande haglbyger og verblink som gjer det
lyst og oppkvikkande eit ørlite bel før myrket tek tak og minner oss om at dette er
myrkaste tida.

Ja, i morgon kveld stoppar sola sin synkande seilas og vender på ny nasen mot vest på
ein stadig stigande kurve.

Solsnu kan feirast på gamalt vis.
Fysste raudnissen i dag var Kari! Klar for bad og sosialt samvær i badegjengen.


Og Kristin stiller i julebadekåpa si, berre sjå!!

8,4 grader i sjøen og fleire nytta høvet til å dobla badefrekvensen.

Sten rydda i strandsona!

Og ny badar møtte idag. Tine frå Danmark. Overtek stafettpinnen frå deg Marianne!


Og Sten fortset med ryddinga.
Litt å velga i..
Her har Arvid fått med seg tende adventslys, der me tok med alle lysa idag. Siste adventsbadet.

Utruleg at me vaknar til eit drivande haglever og likevel kan nyta frukosten med dette
stemningsfulle bakteppet. 11 førjulsbadarar gjer også sitt bidrag.

Denne oppskrifta deler Astrid med oss alle! Fantastisk gode sjokoladenøttekuler!
Prøv da vel, men pass på… Kun 10 min..

Og lyktes med å fange dette øyeblikket der båten gjekk inn i solrennet!

På veg heim! Klare til jul!

Ha ei fine jul alle sjøbadarar!

Takk for året som renn og gilde minner til fylgje!

Me badast!

Husk nyttårbadet 1.nyttårsdag!

Kl. 12 på Varden miljøstasjon eller kl. 12.30 i Godalen.

smileySvein Egil