Godagen!

Ruskever og blanda drops från ovan!

Likevel, me pakkar badety og godsaker!

Det er Julebord i Godalen idag!

Det gjelder berre å kle seg godt!

Badefolket stima til, og på kort tid var det 22 sjeler som gjorde seg klare til bad.

Me hadde med oss grill og diverse godsaker.

Og då grillen var tent og bordet spøta på med eit frå bua, med kvit duk og det heile..
var me klare til bad.


Luciasongen vart stemt i idet ein vandra til sjøs, men det var tendenser til stigning i oktavane då vatnet passerte lysken.

Her var det mange som tok seg vatn øve håve, men dei haldt håve kaldt, det skal dei ha.

Ungdomsfylkingen nett heimvendt frå sørligare breddegrader, men trufaste og standhaftige jenter. Julekortstemning så det held, men denne gongen utan ski..

Kari var ivrig fotograf, saman med Flemming, som hadde mange oppdrag under badinga!

Astrid nissemor, klar for julestria! Ho-ho-ho!smiley

Pølser og dadler i bacon havna fort på grillen og sørga for litt varmmate på bordet, saman med mykje anna godt, både fast og flytande!

Flott nåer ein kan dekka eit langbord på ein-to-tri og med så mykje godt!
Ikkje minst av den flytande sorten.

Erke-engelen talte og takka for godt samhold. Styret markerte 3 sjøbadara:
Marianne B. som no dreg attende til Danmark og København, og som har inspirert oss alle med sin interesse for den gode mat og det gode liv. Synnøve for at ho no er ferdig med sin jordmorspesialisutdanning innan ultralyd – kan nok komme godt med for nokre av oss…
og Kari, som har vandra rett inn i gjengen og planta seg solid inn i kjernen av heilårsbadarar.

og solå spanderte på oss eit fantastisk lys som berre dei få kan tinga.

Marianne takka for seg, for denne gong, men meldte klart ifrå at det fort kunne verta gjestebad i Godalen, og at ho venta besøk frå gjengen til Bad i København.

Kristin kom seint men godt frå Egersund og fekk tatt seg ein dukkert åleine, men med god sikring på land, frå fleire godt kledde badevakter.

Sjølv vart eg overraska av å få overrekt ein flott statuett som takk for arbeidet med bloggen, noko eg gjer med stor glede, og som kostar så lite.
Tusen takk til Merete som har lage denne skildringa av meg med badehjelm og badeburka i blesten..smiley

Etter kvart vart borda rydda vekk og søppel fjerna og brått var denne stunda i strandkanten berre gode minner!

Takk til alle for ei flott badestund i godt lag!

Nokre tok turen vidare til Ramsvik kolonihage og Liv Nese sitt julemarked, der både Hanne og andre kjente solgte fine julegåveemner.

Takk for ei god oppleving og..

Me badast!

smileySvein Egil