Fina veret!

I går iallefallsmiley

Utruleg kor fort det skifta..men det vett me jo.

Fascinerande.

I går – fullmåne og strålande sol frå (nesten) skyfri himmel!

Badedag sjølvsagt.

6.desember og berre 25 dagar igjen av året og..
18 dagar igjen til jul.

Nevner då at det er vintersolverv den 21.desember klokka 23.03.
Det går snart mot lysare tider.

Lørdag på miljøstasjonen vart eit gjensyn med Torhild og me la i veg på vinterbona
vegar. Glatt med andre ord.

Då me steig opp bakken frå Strømvik bad vart me møtt av eit kjekt syn.

Vår fastbuande sjøbadar hadde satt ut varm gløgg med tilbehør til dei turgåande.

Kjekk helsing ein tidleg morgon på tur langsmed sjøkanten!


Det smakte sulande godt!smiley

Godt oppmøte denne dagen og. Og nye bekjenskaper – Astrid med Ida og Ilona med ein kamerat.

17 badarar i sjøen og elles eit rikt fugleliv (svaneparet) i strandkanten, og ein gjeng med dykkar som henta inn fangst.

10,4 grader i sjøen og ca. 3 grader på land. Ein fantastisk morgenfrukost i naustveggen.


Svaneparet var som vanleg interessert i det meste, men sa klårt ifrå om det vårt for intimt.


Ivrig drøs og sosialisering på høgt plan..

Fleire med oss lurte på kva dykkargjengen dreiv på med. Dei henta inn tare.
Det synte seg at dei samla inn materiale for å finna fram til ein teknologi som kunne gjera dyrking av tare på land muleg. Då var det denne tida på året at taren produserte sporer til nye tareborn.

I tillegg fekk dykkaren ein liten krabbefangst..

5-6 fine krabbar til koking.

He ei fin helg!

Me badast!

smileySvein Egil