Morn du!!

Juni og godveret held fram!

Me e heldige så har slike fine helger og i tillegg slike onsdagar!

10 morgonbararar klare til dyst:


Sola står no høgt på himmelen og varmar ein svevnkjølde skrott!

Her er inga tid å miste, så omkledninga skjer på skjeret..


..og uti med oss. Litt bylgjer i håret er ikkje å forakta når hårveksten er stutt.
Men litt for mykje til synkronsymjing.

15 grader i sjøen og 23 på land ( i sola då).


Godt å riste av seg badeperlene og late sola ta resten.

Før ein vandra mot naustveggen

i dorgefart

og frukostbordet! Det stemninga var høg som vanleg!
Kvakk-kvakk-kvakk-kvakk!!

Ha ei flott badehelg!

Me badast!

smileySvein Egil