Kom Mai Du Skjønne Milde!!

Fantastiskt å vakna til fuglekvitter og blå himmel.

På miljøstasjonen var det samling

med to kjente og kjære ansikt.. Med helsing frå Jorunn til alle sjøbadarane.
Ho er i Kingston denne helga og har dottertreff.

Me nyt nytt utsiktpunkt på vegen..
Ein dag som denne treng ein å ta det med tål..
Og me samlast ved naustet før me tek turen ut mot neset.. og ungdomsfylkingen kjem trillande.
Klare som alltid.

Blikkstille og ingen maneter i sikte..

Stup i det.. fleire bad og avslutning med synkronsvømming ( iallefall fotsamling).

12 badarar og 12,6 grader idag, så me er litt i tvil om målinga frå onsdag..

..og samlinga rundt bordet gjer mange godbitar.. Ferske kanelsvingar, jordbær, aprikoser og ikkje nok med det..

Jordbærtiramisukjeks..

Smak på den..

Ha ei flott helg vidare!

Så ein invitasjon:

Søndag 15.juni vert badegjengen invitert til å vera med på tokt
med “Brødrene af Sand”.

Me reknar at 24 stk. kan vera medseilarar.

Avreise frå Stavanger kl. 0900 og turen går innover i Ryfylke og endar på Sand.
Så tek ein westamaranen tilbake til Stavanger.

Om veret er bra vert det minst eit bad undervegs…
og ganske sikkert litt mat..

Meir info kjem seinare, men om du er interessert kan du melda deg på til
Svein Egil på mail: sek@idsegata17.com

Me badast!

smileySvein Egil