Javisst!

Onsdagsbad og grått ver
å sjå til..

men komme me ner te Godalen…

“fiina veret”.

I alle fall opphaldsver og fint å sitja ute etter badet!

Så me gjer oss jo klar.. 6 badarar denne morgonen.

Tydeleg at FB aksjonen gjer sitt, for mor og dotter kom nedom idet me gjekk på land etter badet og foreviga bad og utfordring..

Me går nå for:

Gi 100 kroner til kreftomsorgen. Om ikkje må du bada innan 24 timar.

Frå spøk til alvor..

Kjekt at det er kome inn ganske så mye midler til veldedige formål med bakgrunn i dette.

Nok om det!

10,4 grader i stranda, men NIS var innom å målte tempen ved badetrappa ute på neset og rapporterte 9,8 grader.

Me koste oss i alle fall rundt bordet og kom i godt drøs.

Ha ein flott dag!

Me badast!

smileySvein Egil