Guddagen!

Godt å vakna til ein ny dag med strålande soloppgang.
Litt kaldare enn det helga kunne skilta med, men likavel..

Onsdag og badetid.

Opp og hopp!

Ei roleg strand med blikkstille sjø venta oss denne morgonen.

Ja, eg sa blikkstille.
Ein teltar kom etter kvart fram, vekt av oss morgenglade innbyggjarar.

Badarane strøymde til frå ilke retningar og til slutt var me 8 stykk.

Fjære sjø og langgrunt, men stemninga gjekk mot strandbad likevel..

Skyer i vest, men i aust..

lysna det og sola tok tak.

Så ein kunne spegla seg i sjøen.

Litt av praten i dag omhandla sunn kost – her med steinalderbrød frå Jakobs.

og Kristin sin sjølvlaga frukostblanding. Mmmmm.

No vert det for min del Jelsahelg og fedrepleie, ispedd litt anna..

Ha ei flott 1.mai-feiring.

Gå i tog og vis solidaritet.

Det rengs når ein ser utover landegrensene ikkje minst.

Her i siste aprilbilete frå meg..

God natt!

Me badast!

smileySvein Egil