Onsdagsbad…

Ja, det byrjar å bli nokre av dei også.

Og det er alltid spesielt når ein veit at soloppgangen er like i badet og veret ser lovande ut.

Raude skyer i aust var lovande varsel om eit kommande soloppgangsbad.

Og sjølv om paret frå Idsegata var lovande seine i tralten, så var me framme i Godalen
klokka 0705.

Antrekket var litt letta, men me held framleis på Bentehua og stillongs.

Samling utafor for å sjå den gryande dagen. Lovande takter.

Idag var det skikkeleg fjære sjø, så steinen i stranda låg mest oppe på land.

Og med 7,1 grader ein onsdags morgon – er det klart at våren er på veg.
Men.. me har jo april..


Ein caps hadde sett seg godt i sanden og er nok å rekna som ferdig med sesongen.

Og leskelegt å la seg “soloppgangstørka” medan du kjenner at varmen kjem.

sigande..

Jo, det vart soloppgangsbad.

Med fleire interessante episodar.

Var det sel me såg.

Litt usikre, men at det var mye liv i sjøen idag er sikkert. Det var ikkje berre
våryre skrottar med fastlandsslekt.

Dag hadde nok ei “sel”som oppleving, og Marianne tok bilde av
forankringsfestelangnebb som nett var landa frå sydligare breddegrader.

Fort gjort å ta feil slike dagar, med sol og motlys.smiley

Ser du godt etter så sit han og syng heilt ytst på odden.

Me helsar alle sjøbadarar god Dag og vender oppmerksomheten mot kaffi og niste.

Ha ein fordundrande fin lys kveld!

Me badast!

smileySvein Egil