Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Afrikansk kveld, med bad

Heilårsbad Posted on Sun, August 29, 2010 13:30

Ja, så var dagen her..

Forsamlingshuset i Ramsvik kolonihage var leigd for

anledningen, og me gleda oss til opplegget.

Dans til afrikanske rytmer,

afrikansk mat og sosialt samvær med gode badevener.

Anette frå Ghana stillte opp med full pakke.

Klar på kjøkkenet!

og sprudlande i glassene, då er det meste klart.

Ettet den afrikanske dansen ( afro-moves) var det plass til ei avkjøling i sjøen.

Det gjorde svært godt og skjerpa appetitten..

Så vart det retur til kolonihagen og gode smaker..

Kvelden vart finare og finare og me vandra heim med

afro-moves i kroppen og med gode bade-vibber….

Flotte gjeng med godt sosialt badetøy!

🙂 Svein Egil



Siste lørdag i august

Heilårsbad Posted on Sun, August 29, 2010 12:57

Goddagen!

No er det klarlegging for nytt badeår.

Sommarsesongen er avslutta, utan dei heilt store badetemperaturane.

Opp mot 18 grader er registrert.

Denne laurdagen var det få rundt miljøstasjonen klokka 10, men me dreg igang.

Kraftige regn og haglskurar prega natt og morgon, men på turen langs sjøen var det

sol og fina veret – øve oss! Me såg at mørke skyer vasa rundt oss, så meir var i vente.

Men benken vart satt under tak og me var fort igang..

Tysvær-bad denne gongen.

Damene i stranda og gutane på brettet.

Taket vart sjekka av nausteigarane ved sida av, etter ei natt med god nedbør.

Likevel fint under tak, då det kom nokre byger medan me kunne nyta frukost og kaffi og

franske småkaker frå Carolyn.

Temp denne dagen: 16 i sjøen og 13 på land.

… og bygene gjekk, men lova betre tider..

Me såg nå fram mot ei fine helg, med afrikansk dans og mat på programmet!

Me sjåast!

🙂 Svein Egil



God vind

Heilårsbad Posted on Thu, August 26, 2010 16:14

Jess, endeleg onsdag morgen!

SMS som melder at folket er i anmarsj.

Surt ver denne natta, men likavel… litt opphald innimellom.

Stå opp, setta på kaffien og smøra seg ei frukostniste.

Kle seg med badeshortsen underst, for raskt skifte når ein skal uti.

Turen mot Godalen og sjøen.

Eit friskt pust mot morgontrøtte fjes.

Me e klar!

Såg du ei svia??

Ja, ei!!

Så frukost og litt kaffi i kruset!

Vinterantrekket vert testa – jo det går ein vinter tel..

Men me må redda trappa på neset snarast!

Denne onsdagen kunne me melda 17,5 grad i sjø og 14,3 på land.

Mye vind i seila, men god stemning!

Ha ein fiine dag!

🙂 Svein Egil



På ‘an igjen!

Heilårsbad Posted on Wed, August 18, 2010 17:43

Hei sjøbadarar!

Sommaren er forbi og me e så smått i arbeid og tilbake i

“tralten”. Likeså er badesesongen og oppladningen til høstlige

badegjerningar igang.

Rapportar om aktive heilårsbadarar i Godalen gjennom sommaren lover godt

for sesongen.

Idag, onsdag 18.august, vart ein sjelden oppleving av stille sjø, oppholdsver,

sviemangel og høg sjøtemperatur.

Idag var det høgvatn og 18 grader i sjøen.

Jess!!

Någen bedre?

Godt bad!!

Neste er lørdag kl. 10 ved miljøstasjonen og 1030 i Godalen….

🙂 Svein Egil



Siste junibad

Heilårsbad Posted on Thu, July 01, 2010 12:19

God dagen godtfolk!

Juni går mot hell og me hadde siste junisamling i Godalen denne onsdagen!

Nå blir det nok meir tilfeldig bading i Godalen, med ferie og sjøbading landet rundt!!

Her er nokre stemningsbilder frå onsdag morgen:

Melding til lokalen denne dagen:

Godalen sjøbaderforening melder: 14,2 i sjøen og 12,6 på land. Grå morgen, vått, men fin stemning. God sommer til sommerlokalen.

Ha ein fin sommar!

Treffest iallefall i august!!

🙂 Svein Egil



St.Hans-badet

Heilårsbad Posted on Wed, June 23, 2010 08:42

Ja, så var me komne til solsnu…..

Flotte morgenstemning framleis i Godalen!!

Nå er det 13,4 grader i sjøen og 17 på land!

Ha ein god sommar!

;.) Svein Egil



Så va det onsdag igjen..

Heilårsbad Posted on Thu, June 17, 2010 15:50

zum- zum….

Goe tider i Godalen.

Køfritt og sviefritt i sjøen.

Kan de bli bedre?

Me bare spør!

Melding til Lokalen idag;

” 13,2 grader i sjøen og 15,5 på land. Nydelig sol og god stemning. Ingen kø!”

Ka nau e dørr då?

Ha ein god dag!

🙂 Svein Egil



Alternativ te Nordsjømarerittet

Heilårsbad Posted on Sun, June 13, 2010 14:48

Jess!

Endeleg helg, og etter flott ver heile veka kjem det regn, vind og kulde!!

Koss va det med syklistane idag må tru?

Og badarane?

Eg er på Jelsa denne helga og kjem tilbake med rapport frå badarane..

Forresten: Jordbæra er komne på Jelsa, så no vert det

Jelsajordbær (dei beste) med fløte!!

🙂 Svein Egil



Onsdagsbad og streik

Heilårsbad Posted on Sun, June 13, 2010 14:45

Ja, denne onsdagen vart den siste i årets storstreik!

Sten melder:

“Hei! Nydeleg morgen, med ca, 15 grader i vannet.

Nå nyte eg og Ina solå før alvoret starter!”

🙂 Svein Egil (som er i streikeberedskap).



Sommaren på plass

Heilårsbad Posted on Sun, June 06, 2010 20:17

Jess!!

Endeleg vart det sommar i luftå …

og i sjøen.

Sjøbadarar og solbadarar strømma til Godalen denne lørdagen!

Ja, så var det påan igjen….

Av med kler, hiva seg uti, kjenna kor det sprer seg ei ro i kroppen, der ein svømmer

rundt og lar berre blide fjes rundt seg! Komma på land og kjenna solå varma…ti igjen, ny runde. Opp.. litt varme.. uti igjen…

Gry var nesten ikke til å stoppa, men etter kvart var alle på land og me samla oss

rundt eit flott frokostbord. Nå alle tar med litt vert det masse godt mat og drikke.

Flott frokostbord og godt og varmt i solveggen denne lørdagsformiddagen.

13,8 grader i sjøen og 20 grader i solveggen.

Kim trenge sydens land akkurat då?

Dagens store overraskelse var Astrid og Torhild som hadde med gåve til Jorunn.

Ein tova bikini.

Her er det berre å fylgja med når den etter kvart vert sjøsett.

Her er det ei nisje, både for den eine og den andre, så kanskje me kjem tilbake til dette i nær framtid.

Ha ei flotte helg!

:-)) Svein Egil



« PreviousNext »