Hei i stua!
Helg og eg tek meg ei langhelg på Jelsa og Longanes medan Jorunn
pleier seg sjølv heime. God bedring!
Klokkar tikkar ikkje så lang på dagen før melding kjem frå Torhild:
“17 badere i Godalen. 10,4 grader i sjøen og sola skinte.
En fornøyd gjeng. Farfar og Mathea leker på stranden og vannhunden Leo trives best på land.
Fortsatt god helg
Bilder følger:
Tydeleg fin stemning i solveggen denne lørdagen.
Mange bilete på Fb. tyder også på det, med svanebesøk og det heile.
Her inne på Jelsa var det svært glatt på vegane denne morgonen. Is på bilruta og på vasspyttane.
Men sol og opphald gjer fort vei i vellinga.
Ha ei fin helg!
Me badast!
Svein Egil