Morn du!
Den jubilerande Sten ( Gebursdag – Hipp-hipp…) og den jublande Torhild på veg ned mot
naustet og Marianne B. som idag trudde at ho måtte bada åleine – men nei..
Det seig fort på, og PLUTSELIG, utifrå myrke natta, var det 9 badarar som myldra ner mot havet. Som det idag var svært lite av. Lågvatn med andre ord.
Dagen gryr og me konstaterer at vatnet held framleis 10,4 grader, med 7,8 på land.
Fort på med klenå og ut til kaffibordet og Marianne B. serverte kjempegod sjokoladekake.
Lykta tend for jubilanten, som fekk sin bursdagssang framført av 8 gullstruper.
Så var dagens blåtime slutt og me drog i kvar vår lei.
Ha ein fin onsdag og..
me badast!
Svein Egil