Laurdags!
Siste helga i november og me gjer oss klare til desemberinnspurt.
Vel, lat oss nå ikkje ta for hardt i.
Ta også vare på dei stille stundene og gjer plass til eit og anna kulturelt innslag.
Julabord og pinnakjøt, lutefisk og ribbe.
Me traskar ilag rundt med sjøen og ser at døra til naustet er open og klar..
Her er folk i husan..
Her har Torhild og Gry vore kvedlen før og pynta til julemånaden!
Friske kvaster, nissar og lys. Samt lutt julaøl og snaps. Med andre ord er alt testa.
Svanhild og Svante var også med på badet idag!
Og det kom til badara jevnt og trutt. 13 stk til slutt, pluss 2 badevakter med Bodil.
10,3 grader i sjøen er berre 0,1 ned frå onsdag.
Det kryp nok ned til under 10 neste bad, men ikkje verst med alle bad fram til nå over 10 grader i sjøen.
God gjeng samla rundt bordet, og..
sola var også innom!
Litt synd å sitja ute når det er pynta så flott inne! No kjem julabad på rekke og rad!
og her er det ein som gler seg til julabordet den 13.desember!
Ha ein fin dag!
Me badast!
Svein Egil