Goddagen!

Mørkt var det då me treftest på parkeringsplassen.

Någen pr.sykkel, ja, det var heile 8 stk. på plass i dag, litt etter kvart i alle fall.

Men som dokker ser.. det lysna fort!

14 grader i sjøen, og varmt og lunt på benken.

Elg i skinnegang var meldt, og me såg vår kråke med fargefeil, ein røyskatt på svøm og i det heile vart me godt underholdt.

Ser at det trengs ein dugnad i naustet.

Brodd har rydda litt meir, men enno står ein del igjen…

Natur og idrettsservice har iallefall jobba godt og samla ein heil del tang og anna avfall i store haugar, så det ser bra ut!

Ein flott morgon, tåke som var på veg til å letta, og lovande i det heile..

Ha ein fin dag!!

🙂 Svein Egil