Hallaien!
Liott sein på plass i dag ( 0701 ) men merka at gjengen stod å trippa, sjølv om me ikkje var dei siste..
Klart og stille ver, med to svaner som badevakter
Måneklart og fullmåne i vest.
Nok til at gjengen stod ute og ulte mot månen etter badet, som i dag var på 5,8 grader.
Godalenflokken er nå etablert og har markert sitt område.
.. og vår fysste AFPbadar er i gong! Sten kunne ta det med ro. Ingen jobb i dag ( men mange avtalar utover dagen..). Gratulerer!!
12 badarar kunne sakte, men sikkert, “nyta sitt opium” ( ja, eg vett det e otium)..
og ein ny dag va grydd!
Ha ein fin dag!
Svein Egil