God dag badarar!
De sit og ventar på nissen!?
Vel – “much a do abouth nissing”… kunne gjerne vore tittelen.
No nærmar det seg feiring og rolege juledagar, men fysst..
ska bare..
et bad te
Morningen startar som seg hør og bør, med fina veret (mørkt, men opphald og mest vindstilla).
Kari og Marianne B. står klare når me kjem ramlande i små drypp nedover vegen.
Døri vert gjort høg og vid, og me kan kjenna på våte badeburkaer, som berre ventar på å koma heim te jul.Gutane har gått i lære og er lynraske av og på, og tenner stormlykta for å
halda alle uhymske unna.
Flo sjø og Sandnes ligg som ei gryning i sør. Eit bakteppe til vår mest sakrale oppleving –
morgonbad! Der 9 våte sjelefrender konstaterer at 7,8 grader ikkje gjer oss ny rekord av året. Men kaldare på land.
Denne morgonen vert siste bad før Marianne Black ( difor Myrkebad i dag) tek farvel med badegjengen og dreg attende til København og sjøbadet der.
Me takkar for at me fekk bli kjende og ser fram til nye bad, både her og i København på Islandsbrygge, når det passar seg.
Mykje prat om gode matopplevingar fell seg naturleg med Marianne i samtalen.
Ha ei fin jul!
Me badast!
Kanskje alt laurdag!?
Svein Egil
.. og.. her er eit bilete av den flott formgjevinga av badeburkaguten med badehjelm og
badand. Merete har sett detaljane..
Jusses!