.. eller Nachspiel..
Klokka 10 vart det atter tømming av glas og plast på miljøstasjonen Varden.
Svært mye glas i dag, av ein eller annan grunn.
Litt regn i lufta, men på ein dag som dette er det berre forfriskande å få
litt vatn i gjellene.
22 ( 1 badevakt)
5,4 grader i sjøen
Etter ei svært uroleg natt med kraftige vindkast, vart det eit heller
roleg bad, med bading både i strand og i trapp.
Stort og godt oppmøte etter seint årsmøte!
og 1 ny badar, Solveig! Velkommen
samt ungdomsfylkingen med solid foresterkning fra søstrene Aase.
Godt å sjå så mange friske sjeler etter gårsdagens samling.Folksamt i gaderoben, så her er der behov for å sjå på utvidelsesbehovet..
Med litt regnvær i lufta vart det naustfrukost, med dørene oppslått og høg frukoststemning.
Laban leverte deilige damer. Seige og gode.. med alt tilbehør!
Tydeleg ein svært aktiv gjeng som strauk vidare på festlig lag i alle retningar.
Ha ei fin helg!
Me badast!
Svein Egil