Javel…
Laugardag og fiina veret!
Då me kjem vandrande mot stranda i Godalen møter me eit heller sjeldant syn..
Der sit tre jenter og strikkar i veg. Forberedt på kjøligt ver, men godt i gang med strikkinga.
Garnnøstene klare. Me såg at dei koste seg skikkeleg, men bada ville dei ikkje, ennå!
Nokre sat og venta då me kom, andre var på veg.
I alt 11 sjøbadarar i dag!
Me tok alle til badetrappa, då det gav oss betre oversikt med tanke på sviene.
Gry hadde oversikten, og der var lite å sjå. Med litt styring gjekk det svært bra!
13,6 grader er i alle fall rette vegen!
Kaffi, frukost og andre godsaker var delt rundt bordet, og Bodil synte seg retteleg flink
til å apportera.
No er det berre to veker til sola snur og me går mot ein ny sesong vinterbad.
Kjenner det skal bli godt.. men først..
sommar og sol!
Me badast!
Svein Egil