Goddagen godtfolk!

Dagen starta med lett gange mot Varden miljøstasjon, ilag med Sten, der Tove stod og venta.
Ventinga var ikkje forgjeves, for fort spratt det fram fotgjengarar med plastposar i hendene, med same intensjon som oss andre; Plast og metall, lett gange og bad

Mot Godalen var gjengen auka til over 10, og vel framme vart det kø i naustet , med mange badehungrige og ivrige sjeler.

Det blåste litt, så det vart deling av gjengen – nokre til stigen og dei fleste i stranda.

Tempen var idag 11,5 i sjøen og 14 på land.

Fleire “nye” badefjes, og 16 badarar rundt begge borda.
Veret var upåklageleg, og diverse smågodt vart sendt rundt, til almen hygge og
vderkvegelse.

Me planlegg ei økt på onsdagskvelden, med litt vølimg og reparasjon av ymse dører og oppheng.

NB! Kommande torsdag er det fullmåne, så kanskje det blir eit fullmånebad?

Ha ei fin helg!

smiley
Svein Egil